— Eik stiller med kasjmirgeiter, kompetanse og flyttbart elektrisk gjerde. Kundane kan til dømes vera hotelleigarar som vil ha fjerna kratt langs lakseelva, forklarer Aslaug Aalen.

Ho leiar prosjektet «Beitelandskap» i Hordaland, eit prosjekt som er inne i det siste av tre år. Siktemålet er å hindra gjengroing av kulturlandskapet. Entreprenørordninga skal prøvast ut i etterbeitesesongen til hausten, i perioden september - november.

Ein vanleg vestlandssau av dala-rasen er mest glad i gras og «mjuke» plantar. Han et berre ca. 20 prosent busker og kratt. Derimot er dette reine livretten for geiter. Dei et rundt 80 prosent vedvekstar. Kasjmirgeiter er ekstra effektive til å grafsa i seg det som måtte finnast av vekstar.

Geiteentreprenøren er berre eitt av fleire konkrete resultat av prosjektet som siktar mot betre utnytting av dei lokale beiteressursane og å halda oppe eit ope og variert kulturlandskap.

— Opp mot 15 beitelag er etablert rundt om i fylket. Ei slik organisering blir meir og meir turvande dersom bøndene vil halda fram med beitedyr i vår moderne tid, seier Aalen.

Det er særleg det nære heimebeitet prosjektet konsentrerer seg om, området ved bøgarden der småfeet beiter før og etter høgfjellsbeitet. Her er gjerdelov og beitelov problematiske for småfehaldarane. Har du ein nabo som ikkje bryr seg om gjerdeplikta si, han har gjerne flytta til byen, og dyra dine går gjennom naboen sitt nedsarva gjerde, endar dei i tulipanbed i eit bustadfelt før du veit ordet av det. Snart kjem erstatningskravet i medhald av gjetarplikta i beitelova.

— Under temamøta om lovverket plar bøndene verta veldig deppa under den første økta. Men så blir dei litt gladare etter kaffipausen, fortel Aslaug Aalen til Bergens Tidende.

— Det gjeld å finna løysingar. Svært ofte ligg dei i ordningar som fleire bønder samarbeider om, til dømes større beiteområde der fleire går saman om å setja opp og vedlikehalda gjerde. Og det går an å krevja nytt gjerdeskjøn dersom nokon sviktar, forklarer Aalen.