Administrerande direktør i HSD Sjø, Geir Aga, seier til Kystradioen at snøggbåtsambandet går mot eit underskot på minst ein million kroner i 2002.

HSD Sjø har utsett avgjerda om skjebnen for "Beinveien" til fylkeskommunen har sett på heile kollektivtilbodet i området vest for Bergen.

Det som også kan redda sambandet frå å bli lagt ned er betre samordning mellom buss og båt og den nye gratisbussen mellom Nøstet og Bergen sentrum. I løpet av første halvår 2003 vil HSD Sjø avgjerda om "Beinveien" kan halda fram, melder Kystradioen.

KAN BLI LAGT NED: "Beinveien" mellom Askøy og Nøstet.