Kari Beheim Karlsen har kjempa ein lang kamp for å ivareta sonen sjølv etter at han døydde i Sogndalselva natta mellom 23. og 24 april 1999, og for å få fram sanninga rundt det som skjedde.

Hennar mål er at ingen fleire skal måtte oppleve det som Arve var utsett for. Mandag opna ho nettsida www.arvebeheimkarlsen.no der folk kan finne informasjon om Arve og det som skjedde med han, rettsaka samt stoff rundt rasisme og mobbing. Og ikkje minst er tanken å få ungdom til å bruke sida til å dele tankar og eventuelle tips og opplysningar dei måtte ha som kan kaste nytt lys over saka.

Målet vårt er at saka ikkje må bli lukka før sanninga er komen fram, seier Kari Beheim Karlsen i si pressemelding om den nye nettsida. Akkurat dei opplysningane du sit med kan vere den vesle brikka som ppolitiet manglar i puslespelet, skriv ho på nettsida.