Utvalet for næring og tiltaksarbeid har lagt vekt på den eventyrlege utviklinga i hytteområdet og skianlegget i Myrkdalen.

– Bedrifta har gått med fine overskot, og omsetnaden kom i fjor over 100 millionar kroner, sa utvalsleiar Halldor Dugstad som overrekte prisen til dagleg leiar Nils Akselberg.

Akselberg hadde med seg marknadssjef Per Berge og dagleg leiar for dotter-selskapet som driv skiheisane, John Ivar Norheim.

Prisen er eit arbeid av den lokale kunstnaren Arvid Norendal. Overrekkinga skjedde på mottakaren si heimebane, i Myrkdalsstovo, der utvalet heldt møte i går.

Utvalsleiaren la vekt på ringverknadene som fjellandsbyen i Myrkdalen gir, som medfinansiering av Myrkdalstunnelen på riksveg 13, og lokale arbeidsplassar. Mange av dei tilsette er frå dalen og tidlegare Vossestrand kommune elles.

Og bonden Halldor Dugstad hadde slett ikkje noko mot at beiteland blir brukt til skiområde, snarare tvert om:

– Rydding av løyper til skiskriding gir betre beite om sommaren. Andre stader er problemet tilgroing. Her veks det gras i staden for busker, sa utvalsformannen.

Arne Hofseth