Mannen fortalde at kvinna hadde fått for mykje pengar i barnetrygd, og at ho no måtte betale tilbake. Pengane skulle ho overføre til ein bankkonto som mannen oppga.

For å virke truverdig leste han opp dei siste fem siffera i kvinna sin eigen bankkonto.

Politiet i Haugaland og Sunnhordaland har vore i kontakt med NAV, som utelukkar at dette er ein av deira tilsette. Det er ikkje slik NAV vanlegvis går fram for å krevje inn beløp.

Kvinna ante heldigvis uro, og mannen fekk ingen kroner ut av det politiet ser på som eit bedrageriforsøk. Politiet åtvarar andre mot å la seg lure.

– Dersom nokon får slike telefonar, må dei ta kontakt med oss og ikkje betale noko. Det er ikkje alltid så lett å få pengane tilbake, så det er viktig at folk ikkje let seg lure, seier operasjonsleiar Svein Roald Vikse ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.