Initiativet kom frå Jernbaneingeniørenes avdeling i Tekna (Teknisk Naturvitskapleg Foreining) og bautaen vart avduka av Trond Børsting, leiar av Jernbaneingeniørenes avdeling i Tekna. Han vart assistert av Harald Ellefsen frå teknologiavdelinga i same foreining.

Børsting trekte trådane tilbake til 1870-talet, då dei første tankane om banen dukka opp, parallelt med planlegginga av Bergensbanen. Også om Flåmsbana var det hard politisk strid.

Fremst i striden stod «Flåmsbana sin far», fylkesmann Ingolf Elster Christensen. Han er for lengst heidra med byste på høg sokkel. Dette minnesmerket har etter ombygginga av Flåm stasjon hatt ei litt bortgøymt plassering på stasjonsområdet, men er no flytta til ein heidersplass framfor Flåmsbanemuseet. Der er også den nye bautaen plassert.

På eine sida av bautaen er namna på dei tre byggeleiarane som leia rallarane hogde inn; Peder B. Lahlum (1923-35), Adolph B. Kielland (1935-42) og Rolf Aksnes (1942-47), den sistnemnde i samband med elektrifiseringa av banen.

Blant dei frammøtte ved avdukinga var to veteranar som var med på bygginga av Flåmsbana, flisegut Julius Johansen og køyrekar Sjur Dalsbotn, i tillegg til prominente gjester frå NSB Persontog, Aurland kommune, og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

AVDUKING: Trond Børsting (til v.) avdukar bautaen til minne om dei som bygde Flåmsbana. Han får hjelp av Harald Ellefsen. Bautaen er plassert framfor Flåmsbanemuseet som held til i den gamle stasjonsbygningen på Flåm stasjon. Dit er også bysta av fylkesmann Christensen flytta. <p/> FOTO: INGE HJERTAAS, JERNBANEVERKET