• Vil de ha lys til arbeidet? ropa Olav Kåre Brugrand til tjuvane som prøvde å ta seg inn i Ljøsnebua i Lærdal. Men stillteiande avslo dei det rause tilbodet.

GERDFINN EITHUNVed halvfire-tida natt til fredag vart Olav Kåre Brugrand vekt av ein nabo som oppdaga at eitkvart skjedde ved nærbutikken Ljøsnebua. — Eg fekk på meg klærne i ei fart og køyrde dei tre kilometrane til butikken, fortel Olav Kåre Brugrand til Bergens Tidende. Med billyktene sette han det kraftige lyset mot vindauget, men kunne ikkje sjå at det var nokon inne i butikken. To klare skuggar Han snudde bilen mot lasterampen, og bak ein palle som stod der kom det fram to klare skuggar. - Det var då eg slo opp bildøra og tilbaud dei «lys til arbeidet», fortel Brugrand. - Dei svara naturlegvis ikkje, stod berre heilt dørgande stille. Det gjorde eg og. Etter kvart vart dei leide av å stå der. Dei la frå seg verktyet, slentra ned trappa frå rampen som den mest naturlege ting. og vandra austover E 16. - Eg vart distrahert av at det etter kvart kom fleire folk til stades, og nattbussen og fleire bilar passerte. Plutseleg stogga den eine av dei og plukka opp dei to karane. Eg ga full gass og sette etter, men kom ikkje nær nok innpå til å lese bilnummeret. Rømlingane heldt høgt tempo. La att «reiskapen» Olav Kåre Brugrand opplevde ikkje møtet med innbrotstjuvane som dramatisk. Men det er sjeldan han har opplevt nokon oppføre seg så frekt og freidig. Dei la att «arbeidsreiskapen», som var ein solid skrutrekkjar på 50-60 centimeter. Dei hadde fått laus listar og var på god veg til å fjerne låsen og komme seg inn i bygget. - Då ville dei ha fått ei ny overrasking, for akkurat der er det montert alarm som ville ha vorte utløyst så fort døra gjekk opp, seier Brugrand.Politiet har sikra seg fingeravtrykk og har ein teoretisk sjanse til å spore elektroniske signal. For Olav Kåre Brugrand er ikkje i tvil om at karane brukte mobiltelefonen til å varsle den ventande bilen. - Det er ikkje større trafikk i Lærdalsområdet på nattetid enn at mobiltelefonen må kunne sporast, meiner Brugrand.