Ein ferierande bergensar og den sju år gamle sonen hans, vart berga etter ei båtulukke i Dimmelsvik ved 11-tida måndag føremiddag.

Slengt på sjøen

Dei vart slengt på sjøen frå ein plastbåt med påhengsmotor. Ulukka der dei to slapp med skrekken skjedde 300 meter frå land.

— Vi hadde kasta loss frå kaien og hadde motoren på. Som alle i alderen til min son, ville også han vera med og styra litt, men det skjedde litt for brått og båten svinga rundt slik at vi begge gjekk over bord, fortel faren.

Heldigvis verka daudmannsknappen slik at motoren stoppa momentant og begge hadde redningsvestar.

Kasta sonen opp att i båten

Båten vart fylt med vatn utan at han sokk. Faren kasta sju-åringen om bord att i båten, medan han ropte om hjelp. Hjelpa kom raskt. Allereie etter få minuttar var fleire båtar komne til og naboen tok dei to om bord.

Det heile var over på sju–åtte minutt.

Hovudredningssentralen var varsla, men helikopter med dykkarar vart stoppa.

Roser lokalsamfunnet

To ambulansar med lege var også raskt på staden, men det var ikkje nødvendig med nokon ytterlegare legesjekk. Både far og son var i fin form etter dramatikken sjølv om det berre var 14 grader i vatnet.

Overbetjent Sigurd Børve ønskjer å rosa lokalsamfunnet i Dimmelsvik for rask og effektiv reaksjon då ulukka var ute. Dette var eit eksempel for andre.