— Så dei er komne til Bergen også no, er dagleg leiar i Batteriretur AS, Frode Hagen, sin kommentar til opplysningane om tomme kasser for brukte bilbatteri ved bergenske mottak. Han fortel om organiserte batteribandar som utgjer eit stort og veksande problem i ei rekke land, Norge inkludert. - Vi trur at ein stad mellom 500 og 1.000 tonn brukte bilbatteri blir stolne og smugla ut av Norge kvart år, seier Hagen.

Tomt i juli

BIR har fleire ubetente mottaksstasjonar for brukte bilbatteri i Bergensområdet. I juli månad i fjor henta dei inn 3675 kilo bilbatteri frå desse kassane. I juli i år fann dei ikkje eitt einaste batteri.

— Dette er heilt nytt for oss. Sjølv om vi ikkje kan vere sikre enno, tyder alt tyder på organiserte tjuveriraid, seier informasjonskonsulent Tina Skudal i BIR.

Blyet i bilbatteria utgjer ein verdi for renovatøren, men det er først og fremst miljøaspektet i saka som uroar BIR.

— Desse brukte batteria inneheld bly, ofte i sterkt ureina form, i tillegg til svovelsyre. Det er klart vi er uroa over korleis slikt miljøskadeleg avfall blir handtert, seier Skudal.

Kvite varebilar

Det var på vårparten i år at BIR registrerte at det kom inn færre og færre bilbatteri frå dei ubetente stasjonane. I april var det 54 kilo, i mai var det 1.376 kilo, begge månadene markant mindre enn same periode året før. I juni fall det til 31 kilo, og i juli altså ingenting.

— Det verkar nesten som om nokon har etablert seg med faste innsamlingsruter. På Austlandet snakkar folk om dei kvite varebilane med utanlandske kriminelle som kjører rundt, seier Skudal. - Vi må undersøkje om det er dette som skjer her hjå oss også.

Mottaksstasjonane er plassert ved bensinstasjonar i området, og BIR vil no rundt og høyre om dei tilsette har lagt merke til noko, eller om overvakingskamera kan ha fanga opp noko.

Braut saman av batterivekt

Det var tidleg 13. mai i år at norsk politi fekk det første handfaste provet på kva som går føre seg. På E6 ved Biristrand, ikkje langt frå Gjøvik, braut ein litauiskregistrert kassebil saman under overvekta. Bakakslingen knakk, og eine bakhjulet fall av. Då politiet kom til staden, fann dei at lasta hovudsakleg bestod av bilbatteri. Etter vege kjøretøyet kunne dei fastslå at kjøretøyet hadde ei totalvekt på over 8,3 tonn - og dermed langt meir last enn dei godkjnte 3,3 tonna. Batteria kom frå innbrot ved to bedrifter i Ålesund, og alle dei tre litauiske statsborgarane i kassebilen vart pågripne.

— Dette er eitt av mange organiserte tjuveri av denne typen, seier Frode Hagen i Batteriretur AS. - Prisane på metall har auka dei siste åra, og desse folka er ute etter blyet. Det er attraktivt i land der det ikkje er så strenge krav knytt til handteringa av slike stoff.

To stoppa i Hordaland

— Men i brukte bilbatteri utgjer eit stort miljøproblem på avvegar, seier han. - I bransjen reknar vi med at mellom 500 og 1000 tonn brukte bilbatteri blir smugla ut av Norge årleg. I Sverige er det mellom 1.000 og 2.000 tonn, og vi trur det aller meste går til Baltikum. Difor vurderervenske styresmakter no mellom anna skjeppe kontrollen ved sine internasjonale ferjestader.

Tilbake i Hordaland har politiet ikkje motteke meldingar om slike tjuveri.

— Men ved to høvve har vi stoppa litauiskregistrert varebilar med bilbatteri i lasta. Ein vart stoppa i Odda i juli, ein i Bergen sentrum sist måndag, seier politiadvokat Trond Høvik, som leier gruppa som etterforskar mobile kriminelle ved Hordaland politidistrikt.

— I utgangspunktet er det ikkje ulovleg å frakte brukte bilbatteri. Så all den tid vi ikkje har meldingar om slike tjuveri, må vi la dei kjøre vidare.

Overfor Bergens Tidende opplyser BIR at dei no vurderer å låse mottakskassene for bilbatteri, og samordne arbeidet med andre renovasjonsselskap i distriktet. Dei skal også ha eit møte med Frode Hagen i Batteriretur AS.

Det blir viktig å koordinere dette arbeidet på nasjonalt plan, seier Tina Skudal i BIR.