Eit ukjent tal dugnadstimar, stor gjestfridom og kreativitet ligg bak den store forvandlinga. Kvar sommar tek Husnes Båthavn imot over tusen småbåtferierande familiar.

— I fjor hadde vi nesten 1200 gjestedøger. Mange kjem att år etter år. Vi har gjester frå langt opp i Sogn og Fjordane i nord til Stavanger i sør, seier Hogne Dale, ein av dei åtte - ti i den harde kjernen av båtveteranar på Husnes som held båthamna ship shape .

- Veldig bra her

— Det er veldig bra her. Skikkeleg dusjanlegg og volleyballbane. Sykkelutleige og buss for dei som vil inn til Husnes sentrum. Og ikkje dyrt.

Vi treff to nøgde båtferierande familiar frå Rubbestadneset på Bømlo. Kåre Valde og Helga Lill Krunenes på «Hegren» og Lena Espeland Hareide på «Delfin». Ungane Helena (7), David (4), Thomas (6) og Vebjørn (4) leikar på land, i strand og i småbåtar medan dei vaksne slappar av på kaikanten.

— Ungane stortrivst med båtlivet. Det er jo ikkje så kjekt i dårleg vêr. Men då kan vi jo ta bussen til Husnes og rusla under tak i butikksentra, meiner Kåre Valde.

Opplever mykje

— Båtferie gir mange opplevingar. Ungane kan bada og fiska, og dei kan vera med og lysa etter krabbe, seier Lena Espeland Hareide.

— Dette er andre turen vår i sommar. Vi reiser litt på måfå, snakkar med andre båtfolk og høyrer kor det er bra å overnatta, seier ho.

— Husnes har ei lun hamn, her er godt å liggja, seier Kåre Valde.

Dei to Bømlo-familiane har lagt til kai ved den 90 meter lange gjestekaien som båthamnpensjonistar bygde på dugnad sist vinter.

Golf og fotball

— Vi har lagt oss på den lina at vi satsar på gjestene og det gode miljøet, seier Hogne Dale og ser ut over det velhaldne hamneanlegget ytst i Bogsnesvågen.

Utbygginga av småbåthamna starta i det små i 1976 med Anders Torget i spissen. Dei fleste medlemmene var Søral-tilsette, og hjørnesteinbedrifta på Husnes ytte stor støtte til anlegget som i dag omfattar 174 faste båtplassar, store gjestekaiar, klubbhus og naust.

Den tidlegare dumpeplassen er dekt til med jord og gjort om til ein grøn oase for både fastbuande og båtgjester. Her er laga fotballbane, tennisbane, sandvolleyballbane og ein golfbane som strekkjer seg langs Søral og heilt opp til Opsangervatnet.

I båtklubbhuset er det både kontor og tilbod om dusj og klesvask. Her er bøker og tidsskrift til utlån. På utsida står ti syklar og like mange trillebagar til låns for dei som vil ta seg den vesle kilometeren bort til Husnes for å handla.

I hamna er det ei eiga badestrand og utegrill til disposisjon for gjestene.

Hamneavgifta på 60 kroner døgeret blir plassert i ein konvolutt og levert inn gjennom ei luke i veggen. Betalinga skjer etter ærlegdomsprinsippet.

— Jau då. Vi synest vi har fått det bra til. Men vi eldsjelene tek til å bli slitne no. Likevel er det moro. Kanskje slår vi gjesterekorden i år? undrar Hogne Dale.

BÅTGLEDE: David Krunenes Valde (4) frå v., Thomas (6) og Vebjørn Espeland Hareide (4) frå Bømlo er blant eit stort tal småbåtferierande som trivest i Husnes Båthavn.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR