— Ludvigsen skulle ha vore kjeppjaga for politikken sin overfor kysfiskarane. Og Norges Fiskarlag er med og velsignar galskapen, seier Geir Edvardsen, leiar i Sunnhordland kystfiskarlag.

Edvardsen braut ut av Norges Fiskarlag sist vinter og skipa eit nytt lokallag av Norges Kystfiskarlag. Bømlo-fiskaren bit ikkje på lokkemidla som fiskeriministeren presenterte på Nor Fishing i Trondheim i går for å strukturtilpassa kysfiskeflåten til ressursgrunnlaget.

«Ressursar nok»

— Byting av kvotar virkar ikkje interessant. Det er noko dei store fiskebåteigarane driv med, seier Geir Edvardsen til Bergens Tidende.

— Det er typisk at også dei aller minste båtane skal vera med og betala avgift til den planlagte kondemneringsordninga, ei ordning som småfartøya likevel ikkje får ta del i. Vi skal altså vera med på å betala utryddinga av oss sjølve. Edvardsen presiserer kystfiskarlagets syn om at fiskeria i prinsippet skal vera opne, med visse kvotereguleringar.

— Vi har aldri fiska ut ressursane. Ludvigsen seier at det ikkje er rom for fleire ressursar til kystflåten. Så kjem ringnotbåtane med 200-300 millionar kroner i overskot som dei går på børsen med. Og dette er Norges Fiskarlag med på å støtta, utbryt sjarkfiskaren frå Bømlo, med torsk, krabbe, reker og breiflabb som fangstgrunnlag.

Vil ha utmelding

— Visst ikkje kystfiskarane no kjenner besøkstida si og melder seg ut av Norges Fiskarlag, så blir kystfiskeflåten køyrt over ende. Kvifor skal havfiskeflåten gå med gigantoverskot og mange av oss suga på labben? spør Geir Edvardsen.

Edvardsen meiner at Norges kysfiskarlag har møtt god forståing i Stortinget, medan fiskeriministeren berre tek omsyn til Norges Fiskarlag.

— Den gjeldande reguleringspolitikken er også håplaus overfor unge som ønskjer å satsa i næringa, seier Edvardsen frå Søra Bømlo, der sjarkmiljøet er redusert frå rundt 30 til om lag fem fartøy på eit par tiår.