PER MARIFJÆREN

Båteigar Helge Lothe (61) var i Oslo og ana fred og ingen fare då han fekk servert den dramatiske historia på telefon om morgon på nasjonaldagen.

Seinare kunne han sjå dramatikken på fjernsyn, der svigersonen og ein skytebas sprengde akterenden av den 25-fots Saga-båten slik at den sokk på få sekund. Til alt hell kom begge uskadde frå eksplosjonen, og vart berga etter rundt ti minuttar i det iskalde vatnet.

Uhell eller aktløyse?

Båten, som er verd ein plass mellom 350.000 og 450.000 kroner, var kaskoforsikra. Alt 17. mai melde Lothe totalhavariet inn til sitt forsikringsselskap.

— Båten var i tipp topp stand, og var klargjort for sesongen, fortel Lothe, som ikkje hadde høyrt frå forsikringsselskapet da Bergens Tidende snakka med han i går.

— Eg har ikkje lese alt med lita skrift, men dette må jo bli dekka inn som eit hendeleg uhell. Begge om bord var skytebasar og var erfarne med sprengstoff.

Men informasjonssjef Stein Haakonsen i Finansnæringens Hovedorganisasjon trur neppe det blir så enkelt.

— Det aktuelle selskapet må vurdere saka, og blant anna finne ut om uhellet skuldast grov aktløyse, seier Haakonsen. - I så fall kan dei avkorte erstatninga, eller den fell i verste fall heilt vekk.

Haakonsen har vondt for å tru at ei slik sprengingsulykke kan kallast eit hendeleg uhell.

— Her brukar dei ein fritidsbåt til å legge ut dynamitt i sjøen, og det krev i utgangspunktet ekstrem aktsemd, seier han.

Fekk politiløyve

Overfor Bergens Tidende stadfestar Vågsøy-lensmann Reinert Sørgaard at den famøse salutten var godkjent av politiet på førehand.

— Like før helga, fredag den 13. mai, fekk vi inn søknaden om å avfyre salutt på sjøen slik tradisjonen er på Raudeberg. På grunn av pinsen gav vi munnleg svar på søknaden, og sa ja på vilkår at det var godkjent skytebas som stod ansvarleg, seier Sørgaard.

Sørgaard fortel at 17-maisalutten ute på sjøen har lange tradisjonar på Raudeberg.

— Eg veit ikkje kor lange, men eg kan hugse dette heilt tilbake til mine eigne gutedagar, seier lensmannen, som sjølv runda dei 50 for ei tid sidan.

— Vår oppgåve blir no å finne ut kva som har skjedd, og bestemme oss for om denne tradisjonen kan halde fram, seier Sørgaard.

Uansett var det truleg første og siste gongen saluttsprengarane fekk låne båt av Helge Lothe.

— Kassen med dynamitt må jo ha hekta seg fast bakpå badeplattforma på båten. Dette er eit hendeleg uhell, meiner Lothe, som i går var på veg tilbake frå hovudstaden.