Ein 26 fots båt har brent ned ved Store Sagaøya i Flora. Båten låg berre nokre kilometer nord for Florø.

— Det var ingen personar om bord då brannen oppstod. To personar hadde reist ut med båten, og dei melde sjølv frå, seier operasjonsleiar Bjarte Engevik ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet fekk melding litt før klokka 21. Engevik seier det raskt kom assistanse til båten.

— Brannvesenet fekk pumpe og aggregat ut med båt, og redningsskøyta bisto både med frakt og brannslukking, seier Engevik.

Dermed blei det rimeleg raskt kontroll på båten. Båten skal framleis halde seg på vatnet, men er relativt utbrend.

Ifølgje Firdaposten, kunne brannen bli sett frå Florø. Dei to båtlause mennene blei frakta inn til fastlandet av brannvesenet.

TATT INN: Båten blei tatt inn til Florø.
Jan Roar Hatlem
BÅT I BRANN: To menn blei båtlause då båten gjekk opp i brann, rundt klokka 20 tysdag.
Maiken Aa. Solbakken, Firdaposten