— Mannen fekk ringt ein slektning, som kom og tok han om bord i ein annan båt, seier operasjonsleiar Thor Gunnar Westlye i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt.

Hovudredningssentralen blei varsla, men sette ikkje i gang redningsaksjon sidan mannen kom seg i sikkerheit.

— Det blei tatt rutinemessig alkotest av mannen, men den var negativ, seier Westlye.

Politiet fekk melding om hendinga ved midnatt.

Båten var ein 42-fots fritidsbåt.