Bastant nei til ny bru

Statens vegvesen vart møtt med mistru då dei sto ansikt til ansikt med brumotstandarane onsdag kveld.

Les også:

Eit kompromiss om Sotrasambandet er ikkje i sikte.

- Eg oppfattar Magnus Natås som usakleg og subjektiv i denne saka, kom det frå ein av dei som tok ordet.

Det kan nok henda at Natås, Statens vegvesen sin prosjektleiar for Sotrasambandet, og planansvarleg Lilly Mjelde også oppfatta nokre av innspela og spørsmåla som usaklege.

Motstandarane mobiliserte
Om det fanst brutilhengjarar mellom dei vel 200 frammøtte i kultursalen på Vestkanten, så heldt dei det for seg sjølve. Motstandarane hadde mobilisert. Dei fleste hadde plakatar med påskrifta «Nei til bru og Ja til tunnel».

Heilt frå starten av møtet var det tydeleg at dei to frå vegvesenet skulle få køyra seg. Lilly Mjelde sin gjennomgang av ulike alternativ og prinsipp for det nye Sotrasambandet vart stadig avbroten av spørsmål og kommentarar frå salen.

Tolmodet på prøve
Dei to partane irriterte kvarandre. Magnus Natås har vore med på dette før og visste godt kva han gjekk til, men tolmodet hans vart sett på prøve. Salen spurde, grov, pirka i detaljar og drog fram mange problemstillingar.

- De byggjer tunnel mellom Dolvik og Sandeid (Ringveg vest). Kvifor er det ei god løysing der, men ikkje til Sotra, var eit av spørsmåla.

- Tunnelen på Ringveg vest går 15 meter under botnen. Det er stor skilnad på det og 150 meter under botnen i Sotrasambandet, svara Natås.

Dei to frontane kom ikkje nærare kvarandre på møtet onsdag kveld. Ingen vart heller klokare av det som kom fram. Høyringsfristen for merknader til planane om nytt Sotrasamband går ut 26. november.

Frå då av er det politikarane i Bergen og i Fjell som må ta støyten.

Er Sotrasambandet ei god løysing? Sei di meining i kommentarfeltet under.

Les også

Siste fra Lokalt

-Vurderte å trekke Tooji fra finalen

Nrk-team avkledd og forhørt.

Satt i varetekt og mistet jobben
etter falsk anklage om voldtekt

Nå er kvinnen dømt. - Dommen gjør litt opp for det jeg har vært gjennom.

Gasslekkasje på plattform

Mannskap sendt til livbåtene.

Relaterte bilder

FOTO: Lindebotten

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger