Eit kompromiss om Sotrasambandet er ikkje i sikte.

— Eg oppfattar Magnus Natås som usakleg og subjektiv i denne saka, kom det frå ein av dei som tok ordet.

Det kan nok henda at Natås, Statens vegvesen sin prosjektleiar for Sotrasambandet, og planansvarleg Lilly Mjelde også oppfatta nokre av innspela og spørsmåla som usaklege.

Motstandarane mobiliserte

Om det fanst brutilhengjarar mellom dei vel 200 frammøtte i kultursalen på Vestkanten, så heldt dei det for seg sjølve. Motstandarane hadde mobilisert. Dei fleste hadde plakatar med påskrifta «Nei til bru og Ja til tunnel».

Heilt frå starten av møtet var det tydeleg at dei to frå vegvesenet skulle få køyra seg. Lilly Mjelde sin gjennomgang av ulike alternativ og prinsipp for det nye Sotrasambandet vart stadig avbroten av spørsmål og kommentarar frå salen.

Tolmodet på prøve

Dei to partane irriterte kvarandre. Magnus Natås har vore med på dette før og visste godt kva han gjekk til, men tolmodet hans vart sett på prøve. Salen spurde, grov, pirka i detaljar og drog fram mange problemstillingar.

— De byggjer tunnel mellom Dolvik og Sandeid (Ringveg vest). Kvifor er det ei god løysing der, men ikkje til Sotra, var eit av spørsmåla.

— Tunnelen på Ringveg vest går 15 meter under botnen. Det er stor skilnad på det og 150 meter under botnen i Sotrasambandet, svara Natås.

Dei to frontane kom ikkje nærare kvarandre på møtet onsdag kveld. Ingen vart heller klokare av det som kom fram. Høyringsfristen for merknader til planane om nytt Sotrasamband går ut 26. november.

Frå då av er det politikarane i Bergen og i Fjell som må ta støyten.

Er Sotrasambandet ei god løysing? Sei di meining i kommentarfeltet under.

Lindebotten