Voss kommune greidde ikkje å sikra varig særordning for helikotertransport til basehoppinga i Nærøydalen i Ekstremsportveko.

Forvaltningsplanen for Vestnorsk Fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden, er no godkjent. Planen slår fast at basehopping i verdsarvområdet er lovleg. Problemet er den motoriserte ferdsla med helikopter til utsprangspunktet på Nebbet.

Denne transporten treng løyve hjå Aurland kommune etter motorferdselslova og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane etter verneforskrifta for Nærøyfjorden landskapsvernområde.

Slik situasjonen er i dag, er det mykje som talar for at det blir gitt løyve til transport av fallskjermhopparar ein dag kvart år under Ekstremsportveko, nettopp fordi det har vore tradisjon frå 1998.

Forvaltningsplanen slår fast at vanle turistflying med helikopter ikkje vært akseptert innanfor verneområde. Forbodet gjeld til 300 meter over bakken, dvs. innanfor ei grense på 300 meter både vertikalt og horisontalt i høve til landskapet.