Nessa fekk meldinga på eit møte med direktør Geir E. Aga i HSD Sjø måndag formiddag.

— Grov uforstand

Reiarlaget meiner Nessa utviste grov uforstand i tenesta i minutta før snøggbåten "Baronessa" dundra inn i fjøresteinane ved Ranavik på Halsnøy 19. april.

Den interne HSD-granskinga konkluderte med at Nessa heldt for høg fart gjennom Litlasvinøysundet før Ranavik, og at han dermed ikkje rakk å ta i bruk naudmanøvreringssystemet.

Ein elektronisk feil på brua førte til at Nessa mista kontrollen med motoren på snøggbåten, og han måtte styre båten inn på land ved sida av kaien.

- Tenkte berre på å berge liv

Jan Nessa seier til bt.no at han vil kjempe for å få behalde stillinga si som HSD-kaptein.

— Eg korkje vil eller kan akseptere avgjerda frå leiinga i HSD Sjø. Dei får gje meg jobben tilbake, eller seie meg opp. Då blir det i tilfelle arbeidsrettssak, seier Nessa.

Han meiner HSD-leiinga ikkje har tatt nok hensyn til den tekniske svikten på brua, men berre sett på at han heldt for høg fart.

— Det var datafeilen som gjorde at det gjekk gale. Det einaste eg tenkte på, var å berge liv. Dette kunne endt med ein katastrofe, dersom eg ikkje hadde fått båten inn ved sida av kaien slik eg gjorde, seier Nessa.

KAMPKLAR: Jan Nessa (t. v.) og tillitsvalgt for Navigatørene i HSD, Ove R. Nielsen. FOTO: GIDSKE STARK