Det er lite eller inga støtte å hente for den oppsagte HSD-kapteinen Jan Nessa blant sine eigne tillitsvalde, etter at han vart degradert i etterkant av «Baronessa»-ulykka ved Ranavik 19. april.

Nessa nekta å godta degraderinga til styrmann, og fekk dermed sparken i HSD. Nå vil han gå til sak for å få att stillinga som kaptein.

«Saken er håndert på en skikkeleg og ryddig måte. Nå er det viktig at vi som HSD-ansatte har fokus på sak og ikke person», seier konserntillitsvald for dei tilsette i HSD Sjø, Einar Støldal, i ei melding sendt ut på den elektroniske internavisa «Pilen» i HSD onsdag. Støldal kjem sjølv frå Norges Maskinistforbund.

Han støttar både HSD-leiingas handtering av ulykka, den påfølgjande granskinga og personaloppfølginga etterpå.

«Handlar om haldningar»

I går kom også den hovudtillitsvalde frå Nessas eige forbund, Norsk Sjøoffisersforbund, på banen. Han sluttar seg fullt og heilt til Støldals synspunkt. «Som hovudtillitsvalde står vi fullstendig saman om denne saka. Dette handlar om våre haldningar til sikkerhet i HSD», seier hovudtillitsvald John Roald Nygård i Norsk Sjøoffisersforbund i ei melding sendt ut i går til alle HSD-tilsette.

Roy Rimestad i Norsk Sjømannsforbund stiller seg også bak HSD-leiinga i same internmeldinga: «Skal vi ha troverdighet blant våre passasjerer, må vi vise at vi tar sikkerhet på alvor. Det er det denne saken handler om», seier Rimestad.

Refs til forretningsførar

I gårsdagens BT fekk den oppsagte HSD-kapteinen støtte frå forretningsføraren i Vestnorsk Transportarbeiderforening, Kjell Dyngeland. Dyngeland hevda at personalpolitikken i HSD har vorte totalt endra dei siste åra.

— Det er som om leiinga vil køyra heile selskapet i grøfta. Vi kjenner ikkje HSD att etter at selskapet har fått ny leiing, uttalte Dyngeland til BT. For desse påstandane får Dyngeland nå så hatten passar - av sine eigne.

«Jeg vil med dette ta sterk avstand fra de uttalelser som fremkom i BT (...) fra forretningsfører Kjell Dyngeland (...)», skriv konserntillitsvald David Olsen for dei landtilsette i HSD. «Min erfaring fra ulike personalsaker er at man i hovedsak har funnet gode løsninger og dermed stiller jeg meg undrende til uttalelser i media om dårlig personalpolitikk i HSD», skriv Olsen.

Også hovudtillitsvald for dei busstilsette, Mons-Tore Nakken, er sterkt misnøgd med Dyngelands påstandar.

— Han er tilsett som forretningsførar, og ikkje tillitsvald. Eg deler ikkje synet hans, og tek sterk avstand frå det han har sagt, seier Nakken til BT.

Nakken sit i styret til Vestnorsk Transportarbeiderforening, og vil ta opp handlemåten til forretningsføraren i eit styremøte.

- Forstår ikkje

Den oppsagte HSD-kapteinen Jan Nessa stiller seg undrande til opplysningane om at dei tillitsvalde støttar HSD-leiinga si handtering av saka. Nessa hevdar at han har fått støtte frå samtlege kolleger.

— Det dei tillitsvalde støttar leiinga i, er nok at dei ikkje har gått ut med detaljar i personalsaka. Dei meiner at altfor mykje har komme ut i media. Men eg har berre svara på tiltale, seier Nessa til Bergens Tidende.

Samstundes som den tillitsvalde i Norsk Sjøoffisersforbund uttrykker støtte til HSD-leiinga, er det nettopp Sjøoffisersforbundet sin advokat som skal representere Nessa mot HSD. I går blei søksmål levert.

— Det er jo rart viss Sjøoffisersforbundet skulle støtte HSD, og på samme tid tale mi sak i retten, seier den oppsagte kapteinen.

<b>FEKK SPARKEN:</b> "Baronessa"-kaptein Jan Nessa
Lena Vermedal (arkiv)