EVA RØYRANE

Åtte konfirmantjenter sit rundt langbordet i Sesam Frivillighetssentral på Nesttun og lærer om seksåringar. Korleis ungar er i den alderen, og kva dei likar å leika med.

Ole Asbjørn Øydvin Nilssen (6) kjem tilfeldigvis innom. Dermed blir han huka og må svara på kva han likar å gjera saman med barnevaktene sine:

Han likar å pusla, å spela spel, leika sisten og gøymespel. Å ha barnevakt er gøy, synest han. Han har ei viss erfaring, og det er tydeleg at han veit korleis han skal halda seg inne med barnevaktene, for snart har han vore rundt og spandert snop på heile gjengen.

Inviterer konfirmantane Det var mor hans, Berit Karin Øydvin Nilssen i Fana Kvinne— og Familieforbund (husmorlaget), som sette i gang det første barnevaktkurset i Fana i 1996. Kurset har sidan vore årleg, somme år har det vore ein del av konfirmantundervisninga.

Etter kvart har Sesam teke over. Konfirmantane i Birkeland, Skjold og Fana blir inviterte til å delta. Det er førskulelærar Anette Berg som held kurset som går over seks kveldar. I tillegg til å læra om born i dei ulike aldrane, får jentene gode råd om teieplikt og om kva rettar og plikter dei elles har som barnevakt. Siste kurskvelden kjem ein sjukepleiar og lærer dei litt førstehjelp.

Blir proffe Jentene gler seg til å kunna kalla seg proffe barnevakter. – Onkelen min seier at eg kan ta meg betre betalt når eg er ferdig utdanna, seier Anne Sætersdal Myklestad. Ho har lenge site barnevakt for søsken og naboborn for 20 kroner timen.

Det synest dei andre er i minste laget, men det er ikkje berre på grunn av pengane dei sit barnevakt, forsikrar dei, det er også fordi dei synest det er gøy å vera med born.

Hylande ungar som ikkje let seg trøysta er alle barnevakters store skrekk. Maria Nilsen har laga seg ei liste med gode råd i kladdeboka si. Eitt råd er å koma i gang med leiken før foreldra går. Eit anna er å prøva å roa barnet i senga om det skulle vakna og starta ein kveldskonsert.

Seks familiar på venteliste Sesam Frivillighetssentral har seks familiar på venteliste for barnevakt. Vetle Karlsen Eide er sikker på at fleire vil melda seg når dei berre får vita at det finst ledige barnevakter, til og med med utdanning.

Hans erfaring er at mange familiar treng barnevakt, men ikkje veit kvar dei skal spørja etter slike tenester. Både åleineforeldre, innflyttarar utan slekt og nettverk omkring seg og mange andre har bruk for barnevakt – av og til eller regelmessig.

Ytrebygda kulturkontor veit at det for tida er mange familiar i Sandsli-området som treng barnevakt. Dei prøvde nyleg å få i gang eit barnevaktkurs, men for få ungdommar viste interesse.

Mange faste i Fitjar Fitjar Frivilligsentral arrangerte barnevaktkurs i samarbeid med Fitjar Vidaregåande skule i januar i fjor. Ein del av dei 26 kursdeltakarane var elevar på barne- og ungdomsarbeidarlina på videregåande.

20 av desse, 19 jenter og ein gut, står på sentralen si liste over ledige barnevakter. Kring halvparten har faste familiar som dei plar sitja barnevakt hos. Når nye familiar treng barnevakt, tek dei kontakt med Frivilligsentralen.

Barnevaktene i Fitjar er frå 12 til 16 år gamle. Ellinor Bergesen i Frivilligsentralen plar snakka med dei av og til for å høyra korleis det går med oppdraga. I det siste har fleire fortalt at dei har site mykje barnevakt gratis. Når dei tek betalt, får dei maks 20 kroner timen.

– Desse ungdommane er interesserte i ungar, og dei vil gjerne ha noko meiningsfylt å gjera. Eg synest det er flott at dei ofte gjer ein gratis frivillig innsats for barnefamiliane i bygda, seier Ellinor Bergesen.

Om barnevaktene får betalt er alltid ei sak mellom barnevakta og foreldra til ungane. Bergesen har full forståing om dei unge tek betalt for barnepasset.

Ho har også fire trillepiker på lista si. Dette er ni- og tiåringar som kom og spurde om ikkje dei også kunne få lov til å passa ungar. Dei fire har sine faste born som dei tek med ut på tur om ettermiddagane.

Nabobeino på Voss Nabobeino heiter frivilligsentralen på Voss som hadde barnevaktkurs for 11 ungdomsskulejenter i fjor vår. Det blir nytt kurs denne våren. Fire-fem familiar har til no skaffa seg fast barnevakt gjennom sentralen.

Hildegunn Kvamme, som blant mykje anna dermed også er blitt barnevaktformidlar, fortel at ho ikkje har greidd å hjelpa dei som vil ha barnevakt tidleg om morgonen, heller ikkje innflyttarane på Norsk Språkteknologi som ynskjer seg reservebesteforeldre på Voss.

På Voss ligg barnevaktsatsen frå kroner 30 og oppover pr. time. Foreldra har ansvar for at barnevaktene kjem seg heim att om kvelden.

Adresselister i Lindås I Lindås var det barnevaktkurs i 1998, ein del av dei som deltok er blitt for gamle til å sitja barnevakt, men fleire yngre er kome til etter kvart. For tida står 10-12 jenter på lista til Frivilligsentralen. Fleire av desse har tre-fire faste familiar som dei plar sitja barnevakt hos.

Nye foreldre som melder om barnevaktbehov, får namn og adresse til jentene, og så gjer dei avtalar direkte seg imellom. Frivilligsentralen har dermed ikkje oversikt over omfanget av barnevakttenesta. Betalinga er minimum kroner 20 pr. time.

Framtiden i Våre Hender har sett i gang byteringar fleire stader i landet, blant anna i Bergen. Intensjonen var å byta blant anna tenester som barnevakt, men i praksis har det vist seg å vera vanskeleg å få det til å fungera.

Hjelper mange i Bærum Barnevaktsentralen i Bærum dekkar eit stort barnevaktbehov. Kvar månad plar 15-20 nye foreldra melda seg og sitt behov for barnepass.

Formidlar Eva Kragnes har for tida 33 jenter og ein gut på lista over ledige barnevakter. Barnevaktene må vera over 13 år og ha gått på kurs.

I Bærum får dei minst 30 og 40 kroner timen, alt etter om dei er under eller over 15 år. Barnevaktsentralen marknadsfører seg mellom anna ved hjelp av brosjyrer på helsestasjonen.