Ifølgje tiltalen skal mannen ha hatt 350 bilete og to filmfiler som framstiller seksuelle overgrep mot barn eller framstillingar som seksualiserer barn. Politiet meiner mannen skaffa seg bileta over ein periode frå april 2007 til politiet aksjonerte i august i fjor.

— Det er snakk om tenåringsjenter og ikkje små barn, seier politiadvokat Erling Melvær til sognavis.no.

Mannens advokat, Louis Anda, seier hans klient nektar straffeskuld.

— Han stiller seg heilt uforståande til tiltalen. Han er overraska og skuffa, seier Anda.

Då saka blei kjend sist haust, kom det fram at mannen meinte fleire hadde hatt tilgang til ein pc der det blei funne barnepornografiske bilete. Til bt.no seier politiadvokat Melvær at det er funne slike bilete på fleire datamaskiner.

— Det er ikkje snakk om pc-ar som har vore brukt i jobbsamanheng.

Paragrafen det er teke ut tiltale etter, har ei øvre strafferamme på tre år.

— Men vi ligg nok i nedste skåla her. Etter vår vurdering er dette ikkje noko spesielt alvorleg sak, seier Erling Melvær.

Mannen, som er rektor på ein barneskule, har vore suspendert sidan det blei kjent at han var under etterforsking. Ifølgje politiadvokat Melvær vil påtalemakta ikkje leggje ned påstand som kan føre til at det blir lagt restriksjonar på mannens rett til å arbeide i skuleverket.

— Nei, det vil vi ikkje. Det må i så fall bli opp til arbeidsgjevar å ta stilling til.