TERJE ULVEDAL

Kampen for Nordfjord sjukehus har blitt riksstoff. Legane på sjukehuset har talt sin eigen arbeidsgivar midt i mot, og stilt seg i bresjen for opprør mot Helse Førde. Dermed har dei brote alle lojalitetsband mot eigen administrasjon og styre, og fått reprimande frå direktøren i Førde.

— Eg har avlagt min eid som lege. Den inneber lojalitet mot pasientane. Legeeiden bryt med eit system som sviktar pasientane i Nordfjord. Det var eit lett val, seier Haga.

Få år før han går av med pensjon, har ein mild barnelege blitt opprørar og bandeleiar.

— Nei, dei torer ikkje å seie meg opp. Og om dei hadde prøvd, skulle det forresten blitt ei interessant rettssak. Då måtte jo alle kort på bordet, seier Ole Sverre Haga.

Gitt folk sjanse til makt

Han har lengst fartstid av alle legane ved Nordfjord sjukehus. Ole Sverre Haga kom til sjukehuset i fast stilling i 1976. Sidan har han, bortsett frå i feriane, hatt permanent beredskap. Av dagens nordfjordingar under 30 år, er det få han ikkje har undersøkt som nyfødde. Frå Selje til Stryn skal det leitast godt for å finne folk som ikkje har høyrt om Ole Sverre Haga.

Så då var dei ikkje tunge å be, nordfjordingane, då barnelegen stilte seg i front for legeopprøret, fortalde at sjukehuset er trua, og på kort varsel inviterte til fakkeltog.

«Takk for at dere kom! Men jeg visste jo at dere ville være her», var orda då han måndag kveld opna folkemøtet. Og blei møtt med tornande trampeklapp.

— Du har mykje makt?

— Nei, eg vil ikkje kalle det makt?

— Kraft til å påverke då?

— Eg har ikkje dirigert nokon. Det vi har gjort er å gje folk sjansen til å utøve makt. Og det har jo blitt ganske godt synleg dei siste dagane, då. Hadde eg gjort dette for eiga vinning, kunne det kanskje derimot blitt sagt at eg hadde misbrukt både eigen stilling og rang.

Mafia

Vesle Henna er to dagar gammal. Under sterke protestar let den vesle krabaten seg sjekke av rutinerte legehender.

— Ja! Dette var ho eg fekk blikkontakt med på undersøkinga rett etter fødselen, hugsar Ole Sverre Haga. - Det er berre tull at du ikkje kan få blikkontakt med nyfødde.

Randi Holsvik frå Svelgen har fått sitt tredje barn. Ho valde Eid-sjukehuset.

— Eg har høyrt mykje skryt. Forholda er litt mindre, og folk eg kjenner har fortalt om at dei får så god oppfølging. Kvifor skal nok som fungerer godt byggjast ned? spør ho.

Hennar reaksjon er mild i forhold til den jamne nordfjording. Han er nemleg rasande. Dei meiner i helseføretaket har eit langsiktig mål: Alt skal til Førde.

— Det er reine mafiaen. Skriv det! sa fleire fakkeltogdeltakarar til Bergens Tidende då dei gjekk gjennom Eidsgata i kulingkast måndag kveld. Det er for akuttberedskapen dei vil ha lokalsjukehuset. Det å vite at om noko skjer som gjev behov for rask hjelp, så finst det eit sjukehus nær. Ingen ting samlar nordfjordingar slik som sjukehuset.

Riv grunnmuren

Det er avgjerda om å leggje ned akuttberedskapen i ortopedisk kirurgi som gjer nordfjordingane så sinte. Eit vanleg beinbrot på Stadlandet skal no behandlast i Førde. Ei reise på kanskje fire timar i ambulansebil. Men nordfjordingane trur dette berre er starten.

— Når du skal rive eit hus, er det vanleg å ta til på taket. Her fjernar dei to grunnmurar. Men før seller seinare dett huset, meiner Haga.

Eid-legane har fokusert på at avgjerda er økonomisk uforsvarleg. Legar skal vere på vakt på Eid, medan pasientane dreg forbi. Dei meiner sjukehuset vil misse turnuskandidatane. Der turnuskandidatane tok startundersøkinga, må spesialistane gjere det i framtida. Alt blir mindre effektivt. Frå å vere eit økonomisk veldrive sjukehus, blir Eid rådyrt. Og dermed lagt ned i neste fase.

— Eg meiner vi har dokumentert at det er slik, sjølv om organisasjonen i Førde seier det motsette. Vi veit forresten knapt kven som seier det i Førde heller. Systemet er lukka. Men eg veit at mange legar på Sentralsjukehuset også er skeptiske.

— Du har sagt at leiinga i Helse Førde har ein skjult agenda. Det er ein hard påstand?

— Men dei seier dei skal spare pengar. Når vi har påvist at det ikkje er noko å vinne på verken økonomisk eller fagleg, då må det vere noko anna som ligg bak. Er det ikkje det som er skjult agenda då?

Juleglede

Eit feriejobb som gjorde at han forelska seg i ein nyutdanna sjukepleiar frå Stårheim, gjorde at austlendingen hamna i Eid. Det var 1966. Då var det to legar på sjukehuset. Legendariske Hans Chr. Wennevold, overlege frå starten i 1936 til 1968, stod for mottakinga.

«Likar du indremedisin», spurde Wennevold. «Ja», svarde Haga. «Flott, då tek du det. Så tek eg kirurgi», sa Wennevold.

— Eg fekk sjokk. Eg hadde eitt års studium bak meg i Tyskland, hugsar Haga.

Ei fagbok, nærast ei oppskrift i indremedisin blei redninga: - Det var slik det var på den tid. Heldigvis tok eg ikkje livet av nokon.

38 år seinare står ei juleglede på Hagas kontor. Det var ikkje heilt fritt for at det kom nokre blomar etter at legane hadde tatt bladet frå munnen. Ein hamna hos barnelegen. Ved sida står ein trefigur av ein kampklar viking. Ikkje nett første assosiasjonen i eit møte med barnelegen.

— Nei, det er vel ikkje det. Men det har vore mange kampar for dette sjukehuset. Og eg har vore i krigen før, men ikkje i fremste linje som no. Men eg trur aldri det har vore så alvorleg som no.

— Er det litt kjekt og?

— Eg søv i alle fall veldig godt. Eg har veldig godt samvit, og føler ikkje at eg har gjort noko gale.