I haust står 377 born på venteliste til barnehagane i Fjell kommune. Dei drygt 1000 plassane i dei private og kommunale barnehagane gjev berre plass til 69 prosent av ungane.

No varslar kommunen eit krafttak for full dekning. I går vedtok politikarane dette:

Fjell kommune må syte for full barnehagedekning innan 2005.

Fjell kommune ber Fjell bustadstifting om å planlegge og byggje fem nye barnehagar i området Ågotnes, Ulveset / Fjell, Litlesotra og Knappskog/Kolltveit.

Fjell kommune skal til neste møte skaffe ei oversikt over kor mange private som ønskjer å byggje barnehage i Fjell.

Kvar av barnehagane skal ta rundt 100 born kvar, slik at det samla talet på nye kommunale barnehageplassar blir 500.