I dag legg barne— og familieminister Laila Dåvøy fram tal som viser at det er planlagt 13.234 nye barnehageplassar her i landet i år. 1930 av desse kjem i Hordaland. Ingen andre fylke har planar om fleire nye plassar.

— Viss dette slår til vil vi vere veldig nær full barnehagedekning, seier rådgjevar Marianne Svege ved Fylkesmannen i Hordaland.

Dei fleste nye plassane i Hordaland kjem i Bergen og kommunane rundt. Berre i Bergen er det planlagt 972 nye barnehageplassar. Nær halvparten (446) av desse er for aldersgruppa 1-2 år, der det i dag er klart dårlegast dekning.

I Askøy er det planlagt 244 nye barnehageplassar i år, medan Fjell planlegg 127. Også nabokommunar som Meland, Lindås og Os planlegg mange nye plassar. Til saman står Bergen og omegnskommunane for 83 prosent av planlagt nybygging i Hordaland i år.

Ikkje nok

Sjølv om utbygginga kan bli stor nok til å dekkje dagens behov, tyder mykje på at det ikkje vil bli nok til at alle som vil ha plass får det. Til no har ein i til dømes Bergen rekna med at det vil halde med 76 prosent dekning. Men Stortingsvedtaket om maksimalpris vil gje lågare prisar og truleg føre til at fleire ønskjer barnehageplass

— Det er grunn til å tru at vi må opp i 80 prosent, seier Svege, som legg til at for å nå målet må ein byggje langt fleire småbarnsplassar enn plassar for ungar over tre år.

Av dei planlagde plassane i Hordaland i år er berre 37 prosent småbarnsplassar. I Bergen er det noko betre med 46 prosent. Men det er neppe nok. Ved utgangen av 2002 hadde Bergen berre plass til 1 av 3 ungar under tre år, medan 3 av 4 over tre år hadde plass.

Trur dei blir bygde

I fjor vart det bygd langt mindre enn planlagt. Ifølgje NRK vart det bygd ut 8.000 plassar i fjor, medan det var planlagt 12.000. Men fjorårets barnehageforlik og vidareføring av investeringstilskotet ut dette året gjer at langt fleire vil gjennomføre planane i år, trur Svege.

— Skal utbyggjarane nyte godt av investeringstilskotet må dei kaste seg rundt. Ingen veit kva som vil skje i 2005, seier Svege.

Utbyggarane får 50.000 kroner i støtte for kvar småbarnsplass, og 43.000 kroner for ein plass til ungar over tre år. Om ordninga blir vidareført i 2005 er usikkert. Det trur Svege vil legge press på både kommunale og private utbyggjarar for å få ferdig barnehagane i år. Det er nemleg satsen det året barnehagen kjem i drift som blir betalt ut av staten.

Både i Bergen, Hordaland og i landet som heilskap er det private utbyggjarar som planlegg fleste nye barnehageplassar. I Bergen står private utbyggjarar for 79 prosent av plassane, medan Os utmerkar seg med utelukkande privat utbygging.

MEIR TIL DEI SMÅ: Nær halvparten av dei nye barnehageplassane skal vere for småbarn. Det er der behovet er størst. Her tre småttisser som har vore så heldige å få plass i Blokksberg barnehage i Øyjordsveien: Kjerand Kvelvane (bak), Lea Hem (til venstre) og Marie Nyvoll. <br/>ARKIVFOTO: MARITA AAREKOL