— Dette er ei uynskt hending som me ser svært alvorleg på, seier styrer i Voss barnehage, Berit Ystanes, til Hordaland.

Voss barnehage, som held til på Tvildemoen, har ei villmarksgruppe som tek barna på turar. Gruppa har fleire leirplassar, der dei lagar mat, høgg ved og lærer å bruke kniv og annan reiskap.

Villmarksgruppa hadde vore ute på ein av leirplassane og skulle tilbake til Tvildemoen. Tre vaksne og 18 born skulle med i bussen, berre 17 born var med då bussen drog.

Talte ikkje borna

Dei tilsette hadde ikkje talt opp barna, står det i brevet som foreldra har fått om hendinga.

Då faren kom for å hente guten, oppdaga dei at han mangla. Faren vart med tilbake til parkeringsplassen, der guten stod og venta. Han var litt redd og kald på hendene, men elles i god form, skriv avisa.

Barnehagen har hatt full gjennomgang av hendinga og hatt møte med foreldra.

— Denne saka er no ferdig handsama og me har fått positiv tilbakemelding frå foreldre, seier Ystanes.

Kommunen varsla

Til Bergens Tidende sier Ystanes at dette skjedde i slutten av januar på ein dag med plussgrader og fint vær.

Voss kommune vart raskt varsla om den gløymde guten.

— Me må berre skjerpa rutinane og terpa og terpa på dei, uttaler kommunalsjef Else Berit Kyte i Voss.