PER MARIFJÆREN

LENA VERMEDAL

OVE ARNE OLDERKJÆR

Kommunestyret i Gulen har samrøystes vedteke at foreldre må betale 150 kroner for kvar halve time over stengetid dei kjem for å hente sine håpefulle. Enkelte politikarar tok til orde for enda strengare reaksjonar. På Stord har ei liknande ordning fungert sidan 2001.

Opptil 500 kroner

Vedtaket i Gulen kjem trass i at for seint-henting ikkje er noko stort problem.

— Det er ikkje noko kjempeproblem, men det skjer likevel ofte at nokon blir ståande igjen. Og det vil vi helst unngå, seier ordførar Trude Brosvik i Gulen. Dei fem kommunale barnhagane i Gulen stenger klokka 16.15.

Foreldre i Gulen må heretter betale 150 kroner halvtimen etter at dei har vore seine tre gonger på ein månad. Hentar dei for seint meir enn seks gonger innanfor ein månad, fyk prisen opp til 500 kroner.

— Eg trur det er dette som skal til for at vi blir kvitt dette problemet, seier Brosvik.

Straffegebyr på Stord

I følgje Barnehagevedtektene i Stord kommune skal foreldra først ha ei påminning. Ved gjentak må dei ut med 100 kroner per påbegynt halvtime.

— Det var tendensar til at folk kom for seint og henta barna sine. Ordninga er tenkt som delvis kompensasjon for utgifter i høve til overtid for personale, seier barnehagekonsulent Sonja Sangolt i Stord kommune.

Dette har riktignok ikkje gitt dei heilt store inntekter til kommunekassa.

— Ordninga til no har ikkje hatt noko stort omfang. I og med at første steg er at styrar tek ein samtale med dei det måtte gjelda, stoppar det med det. Det har heldigvis ikkje vore naudsynt med så mange slike samtaler, seier Sangolt.

Håpar ikkje på inntekter

I Gulen tykkjer foreldrerepresentant Vivian Våge at gebyrordninga er heilt grei.

— Eg har også snakka med mange av dei andre foreldra, og ingen av dei har vore negative til dette.

Gulen kommune skal evaluere ordninga med straffegebyra om eitt år.

Åtvarar mot bøter

Gaute Torsvik er professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen (UiB). Han trur foreldre med romsleg økonomi i verste fall kan kjøpa seg barnevakt på denne måten.

— Når barnehagen innfører ei bot, heng det ein prislapp på det å koma for seint. Den prislappen reduserer kanskje vekta til dei moralske omsyna, seier Torsvik.

Forskarane Uri Gneezy og Aldo Rustchini gjennomførte eit eksperiment med gebyr i barnehagar i Israel i 1998. Resultata var overraskande. Kort tid etter innføring av bøtene, blei talet på dei som kom meir enn 15 minutt for seint dobla.

Ingen planer i Bergen

Bergen kommune har ingen planar om å bøtelegge foreldre som henter barna sine etter stengningstid.

— Vi drøfta det i samband med planane i Gulen, og har kome til at det ikkje er aktuelt med straffegebyr, seier Hans-Carl Tveit, byråd for oppvekst i Bergen kommune.

Byråden får støtte frå fleire barnehageleiarar BT har vore i kontakt med i Bergen. Foreldre som kjem for seint er ikkje noko stort problem.