Det vedtok kommunestyret på onsdag mot dei tre røystene til Borgarleg Fellesliste, melder Kystradioen.

Motstandarane av å bruka Teknologisenteret meinte at særleg djupvasskaien like ved senteret er ein stor risiko for borna.

I vedtaket heiter det at området skal sikrast og at kommunen skal be vegkontoret å redusera fartsgrensa på riksvegen like ved frå 80 til 60 kilometer i timen.

Barnehagen skal etter planen vera i drift frå 1. februar neste år.

Gruppeleiar i Borgarleg Fellesliste, Torill Handeland Fjeldstad, seier til Kystradioen at ho er redd for at denne barnehagen blir permanent trass i at det er planar om barnehage i tilknytning til oppvekstsenteret på Toftø.