Etter det Bergens Tidende kjenner til stadfestar obduksjonsrapporten at Helene Marie Solheim (5)døydde av kveling.

Ulukke

På ein pressekonferanse i Førde i ettermiddag understreka etterforskingsleiaren, førstebetjent Dag Øyen ved Førde og Naustdal lensmannskontor, nok ein gong at politiet etterforskar dødsfallet som ei ulukke.

— Vi har ikkje og har heller aldri hatt indikasjonar på at det ligg føre noko kriminelt. Som i alle andre saker held vi sjølvsagt alle mulegheiter opne, men har ingen grunn til å tru at dette er noko anna enn ei ulukke.

Uklare omstende

Seks etterforskarar frå Kripos har delteke i etterforskinga. Tre tekniske etterforskarar kom til Førde fredag og reiste tilbake til Oslo dagen etter. Tre taktiske etterforskarane er framleis på kontoret.

— Vi ba om assistanse frå Kripos fordi dette var ei ulukke som skjedde under uklare omstende. Og fordi det var eit lite barn. Vi vil rett og slett prøve og finne eit svar på korleis dette har skjedd, sa Øyen på pressekonferansen.

På pressekonferansen var Øyen assistert av inspektør Sissel Kleiven i Sogn og Fjordane politidistrikt og førstebetjent Kåre Svang i Kripos.

Leidning rundt halsen

Jenta blei funnen livlaus på eit rom i huset der ho budde i eitt-tida torsdag. I følgje politiet hadde fem-åringen då leika åleine på rommet ei lita stund. Då ho blei funnen hadde ho leidningen frå ein støvsugar rundt halsen.

Ambulansepersonell starta straks gjennopplivingsførsøk. På Førde sentralsjukehus blei jenta lagt i respirator. Fem-åringen døydde laurdag ettermiddag.