EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.noBåt— og badesesongen er like rundt hjørnet, og småbarnsforeldre over heile landet skal saman med podane nyte sjøens gleder. Då er livvestar obligatorisk utstyr - vestar som foreldra stoler på at skal berge liv om barnet hamnar i vatnet. Det har dei ingen grunn til, skal vi tru Arvid Påsche, ekspert på redningsutstyr og deltakar i eit EU-prosjekt om kvaliteten på livvestar for barn.På oppdrag frå EU-kommisjonen har han prøvd ut åtte godkjente redningsvestar på to spesialkonstruerte dokker. Dokkene har same vekt, vektfordeling og oppdrift som eit barn. Snur ikkje barnet Resultata er alt anna enn oppløftande: * Fleire av redningsvestane greidde ikkje å snu dokkene dersom dei hamna i vatnet med andletet ned. Lova krev at vestane skal snu eit medvitslaust barn over på ryggen.* Berre ein av vestane greidde å halde munnen så høgt som åtte centimeter over vassflata. Det er minstekravet etter regelverket.* Fleire av vestane sat ikkje skikkeleg på kroppen ved fall frå eit par meters høgd.Seks av dei åtte vestane er godkjente som vestar til fritidsbruk både her til lands og i resten av EU- og EØS-området. Ein av vestane er brukt om bord i fly, den siste på ferjer til sjøs. Godkjenningspapira lyg - Ingen av dei vestane vi har prøvd oppfyller krava i det internasjonale regelverket. Dei held rett og slett ikkje det som godkjenningspapira lovar, seier Arvid Påsche, dagleg leiar i Thelma AS - selskapet som har hatt den norske rolla i EU-prosjektet. - Eg trur mange foreldre meiner dei ikkje treng passe på ungane så nøye dersom dei tar på ein godkjent fritidsvest, fordi det uansett ikkje kan skje noko verre enn at barna blir våte. Dei testane vi har gjort, viser noko heilt anna, seier Påsche."Schrødingers Katt" på NRK 1 omtalte i går kveld dei oppsiktsvekkande funna frå Trondheim. Dei sår sterk tvil om det europeiske godkjenningssystemet for slik utstyr fungerer i det heile tatt. Ber om full gjennomgang Foreldre som gjerne vil vite kva slags vestar det er som ikkje held mål, må leve i uvissa fortsatt.- Vi har ikkje lov til å gå ut med namn på produsentane. Målet med vårt prosjekt er å utvikle ein betre måte å teste ut slik utstyr på, seier Arvid Påsche. Men han stadfestar at fleire av vestane han har prøvd ut er i handelen i norske forretningar.- Eg meiner det trengst ei sjølvstendig utprøving av alle vestar på den norske marknaden. Med dei nye testdokkene er dette mogleg, meiner Påsche.Også etter Sleipner-ulykka vart det avslørt grov svikt i det internasjonale godkjenningssystemet. Testar utført på oppdrag frå Bergens Tidende viste at livvestane ikkje oppfylte dei internasjonale minstekrava. Likevel hadde vesten alle nødvendige sertifikat, og kunne seljast over nesten heile verda. Etter Sintef-testane mista vestane alle internasjonale godkjenningar, og er i dag ute av produksjon. På passasjerskip er det no innført særnorske reglar. Frå 1. april må alle skip med norsk flagg ha ein spesiell redningsvest med hette og erme som beskyttar mot kulde.

Les også: Politikarar krev opprydning Håplause prosedyrer

FALSK TRYGGLEIK: Denne redningsvesten er godkjent for sal i Noreg, og skal i teorien snu eit medvitslaust barn over på ryggen. Men godkjenningspapira held ikkje det dei lovar.