ARNE HOFSETH

Norsk Vasskraft— og Industristadmuseum (NVIM) opna i går Tysso-verkstaden for grafikkproduksjon. 25 elevar frå klasse 6A ved Odda barneskule jobba på produksjonslina med sine eigne kunstverk. I dag er det 25 Tyssedal-elevar sin tur. Til våren får alle elevane syna det beste biletet sitt til statsministeren.

— Når vi har det einaste sinkverket i landet, er det klart at vi må satsa på sinktrykk, resonnerer prosjektleiaren.

Museet har samarbeidd med grafikarane Roger Gjerstad og Trond Knutli om prosjektet. Kvar elev får lage seks bilete.

— Elevane får velja ut kvar sitt bilete til museet, eitt til utstilling på skulen, og dei fire andre kan dei ha sjølve, eller gje bort som gåver, seier Kollbotn.

Dei 50 bileta skal museet bruka i ei utstilling til opningshøgtida for den gamle kraftstasjonen, som museum, etter omfattande restaurering. Det skjer 14. mai, med statsministeren til stades. Same kveld vert det konsert i turbinhallen, som eit innslag i Hardanger Musikkfest.