Dei tre ungane får no krisehjelp etter den tragiske bilulykka laurdag.

— Me har eit ansvar for barna, seier Tone Tveito Eidnes, rådmann i Ullensvang herad.

— Kriseteamet vårt sørgjer for at dei har det så godt som dei kan ha det. Dei har folk rundt seg som dei kjenner og stoler på.

— Me hadde ei samling med teamet i går. Fleire av medlemmane var saman med barna for å sikre at dei blir godt tekne vare på, seier Torbjørn Reisæter, leiar i kommunen sitt kriseteam.

Reisæter har ikkje hatt personleg kontakt med barna.

I morgon vil kriseteamet ha eit møte med kommunen sitt flyktningteam for å planleggje korleis dei skal ta seg av barna i den komande veka.

Artikkelen held fram under videospelaren.

Frå Irak

Familien er irakiske flyktningar busette i Kinsarvik. To av barna går på skule der, medan det tredje barnet er i barnehagealder.

Ifølgje rådmann Eidnes har dei ingen nære slektningar i Norge.

— Men det er fleire irakiske familiar i Kinsarvik. Dei tek seg av barna. Dei har ein stad å bu.

Det er førebels uvisst kva som vil skje med barna på lengre sikt.

Møte på skulen

Lærarane ved Kinsarvik skule skal samlast til eit fellesmøte søndag kveld.

— Då vil me diskutere kva me skal gjera når elevane kjem på skulen i morgon, seier Sjur Magne Halland, konstituert rektor.

Baby alvorleg skadd

Fem personar vart skadde i ulykka laurdag formiddag der den irakiske kvinna omkom.

Ein gut på seks månader ligg framleis alvorleg skadd på Haukeland Universitetssjukehus. Tilstanden er stabil. Den 26 år gamle mora slapp frå ulykka med lettare skader.