ASBJØRN KRISTOFFERSEN

Ei femten år gammal jente og ein seks år gammal gut har utvikla symptom på posttraumatisk stressyndrom etter at familien deira har fått avslag på søknaden om opphaldsløyve.

I "Huset på prærien" på Storebø i Austevoll er familien Hadja i ferd med å pakka sitt jordiske gods for å reisa tvers gjennom Europa, endå ein gong.

Tanter og onkel og søskenbarn hjelper til med det triste arbeidet. Utanfor det raude huset samlast opprørde og rådville austevollingar.

— Vi føler oss pressa til å reisa, dei kallar det friviljug, men det er tvang, seier far, Selami Hajda.

Får 105.000 kroner Reiser familien "friviljug", får dei 15.000 kroner i etableringstilskot for kvar person, 105 000 kroner tilsaman.

Reiser dei ikkje, misser dei etableringstilskotet og risikerer å koma tomhendte attende.

Heime ventar eit plyndra husskal, eit minelagd jorde som ikkje kan nyttast til å dyrka mat på lang tid - og dystre jobbutsikter.

Familien vende friviljug tilbake til Kosovo etter eit fjorten månader langt opphald i Noreg i 1994.

Den gongen laut dei også byggja oppatt eit plyndra hus

Mor og far opplever det no som dei må risikera helsa til to av barna for å berga ei skral framtid.

— Hadde det berre vore oss andre, ville vi teke mot tilbodet og reist, seier Selami Hajda.

Flykta i hui og hast Eldstejenta på femten sit med tårevåte auge, hand i hand med tante Pranvera Zika, 27 år gammal. I to månader i 1998 var tante åleine med dei fem barna, ei vandring frå landsby til landsby, gjennom massakrar og plyndringar.

Familien flykta i hui og hast frå massakrane i heimbyen Rahovec. Det stod om minutt for å berga livet, og i kaoset kom barna og foreldra bort frå kvarandre, fortel dei.

Tante reiste også åleine med barna til Noreg frå flyktingmottaket i Sarajevo. Det tok fem månader før familien igjen var samla. Minstejente Aurora (4) kjende ikkje att mor og far.

Etter to år i Austevoll har familien kome på fote att. Havstrilane tok mot dei med opne armar.

Etter fleire utsetjingar med heimreisa kom det brått på at familien Hajda har fått endeleg reisevarsel.

Pengedugnad Laurdag lova ein flokk austevollingar kvarandre å setja i gang ein innsamlingsaksjon. Dei tek mål av seg å leggja 105.000 kroner på bordet til familien Hadja for at dei skal sleppa å føla seg pressa ut av den norske staten.

— Vi pakkar, og håpar vi kan pakka oppatt, seier mor Litafeta Hajda.

— Dei får ikkje lov til å reisa utan meg. Eg kan ikkje forlata ungane, seier tante Pranvera Zika.

Den femten år gamle jenta seier ingen ting. Ho klemmer og klemmer armen til tante. Minstejenta Aurora (4) strålar under ein krans av løvetann. Det er heilt i orden at resten av familien reiser til Kosovo, om dei berre kjem heimatt til henne i Austevoll etterpå. Les også: - Barn gjenopplever krigen

UMOGLEG VAL: Mor Litafeta Hajda risikerer den psykiske helsa til vesle Querim (6) om ho tek imot tilbodet om å reisa attende til Kosovo med 105.000 kroner i etableringstilskot for familien på sju. (FOTO: KNUT E. WANG)