Det var søndag kveld ein papirkontainer like ved skuleveggen stod i full fyr, og berre rask reaksjon frå tilfeldig forbipasserande hindra ein storbrann i skulen.

No har politiet altså oppklart kva som skjedde, og det er ikkje snakk om erfarne og garva gjerningsmenn, ifølgje lensmann Hans Rune Strandos i Bremanger.

Eitt av barna hadde med seg lighter heimefrå, og med denne fyrte dei opp frå ein konteinar. Bålet vart etterkvart ganske så stort, så barna vart litt redde. Dei sløkkte derfor etter beste evne, og putta papprestane tilbake i plastkontaineren. Men litt etter blussa flammane opp igjen, og skulebygningen var svært nær ved å ta fyr.

Politiet har no samla foreldra og borna, og har fått ein nødvendig gjennomgang av saka med begge partar. Ut over dette er saka avslutta frå politiets side.