Barkeeperen vart råka av eitt knyttneveslag, men unngjekk det andre, og fekk avverga eit forsøk på knespark, før han la gjesten i golvet, sette seg og heldt han nede.

Frå denne posisjonen prøvde mannen å bita barkeeperen fleire gonger, men mislykkast.

Derimot greidde han å bita ein av politimennene som vart tilkalla. Idet mannen, som då nekta å reisa seg, vart heist opp frå golvet, beit han eine politimannen på innsida av låret. Bittet var kraftig.

Det etterlet seg synlege sår og merke etter tenner. Låret var ømt i over ein månad etterpå, konstaterer Voss tingrett som har dømt «Jaws» til fengsel i 20 dagar for vald mot offentleg tenestemann, lekamskrenking, både mot politimann og barkeeper, og brot på lausgjengarlova.

Han må betala 1000 kroner i sakskostnader.