Ungdomsmøtestaden Bensen Bar i Balestrand blir truleg historie frå 1. oktober.

— Folk i bygda er oppgitt og rasande. Dette er det einaste utelivstilbodet for ungdom over 18 år og alle ønskjer å behalde det, seier Theodor Kvikne (22).

Saman med to kameratar starta han i fjor sommar pubdrift på dugnadsbasis i den nedlagde bensinstasjonen.

— Det har blitt veldig populært og vi har fått enormt gode tilbakemeldingar. Det blir trist å sjå at bygget går i grus, seier Kvikne.

Vil ikkje forlenge avtale

Heilt sidan husleigekontrakten med Balestrand kommune blei signert, har det låge i korta at leigeforholdet ville ta slutt i haust.

— Vi var klar over dette då vi starta, men håpte likevel at kommunen ville endre meining når dei såg kor populært tilbodet blei, seier Kvikne.

Men etter formannskapsmøte i mars fekk Bensen-bar klare signal frå politikarane.

I brevet skriv ordførar Einar Målsnes (H) at «formannskapet ser positivt på at Bensen Bar fyller ein funksjon som uformell møtestad for ungdom», men at dei likevel ikkje vil forlengje kontrakten.

Det blir grunngjeve i at «eit samla formannskap vurderer at trongen for parkeringsplassar i sentrum best kan løysast ved å ta i bruk heile «essotomta» til dette føremålet».

Stort engasjement

Det har blitt eit stort engasjement i bygda for å behalde puben. Facebook-gruppa «Bevar Bensen Bar» har nærmare 300 medlemmar, og det går føre seg ein heftig debatt også på debattforumet til Balestrand kommune. Også lokalavisa har tatt side i saka.

— Heile bygda syns dette er heilt på trynet. Det er berre nokre få dagar i året at ein treng desse ekstra parkeringsplassane. Vi meiner det må gå an å ha parkering utanfor samstundes som ein beheld bygget, seier Kvikne.

Balestrand er ein kommune som slit med fråflytting. Sidan 2001 har folketalet gått ned med 12 prosent, ifølge Statistisk Sentralbyrå. I kveld arrangerer kommunen difor eit «Velkommen-heim treff», der ein mellom anna orienterer om arbeidsmoglegheiter.

At arrangementet nettopp er lagt til Bensen-bar, har fått mange til å reagere.

- Paradoksalt

— Det er veldig paradoksalt at kommunen arrangerer velkommen-heim-fest på den puben dei har tenkt å leggje ned, seier Eirik Fardal (29).

Han og kona Hild-Tanja Linde og dottera Sigrid (snart 1) bur i dag i Oslo, men er blant dei som vurderer å flytte tilbake til heimstaden. Då er det ikkje akkurat eit pluss at den einaste samlingsstaden forsvinn.

— Når ein først får noko slikt til å fungere i ei bygd som treng det sårt, er det ille at det skal byttast ut med parkeringsplassar, seier Fardal.

Ifølgje Kvikne er det fleire som no droppar planane om å flytte heim etter endt studie.

— Det viktigaste for folk er å ha eit sosialt nettverk. Ein kan heller kalle dette eit «reis-vekk-treff», meiner han.

Endeleg avgjerd før sommaren

  • Initiativtakarane har gratis fått låne ein tom, gammal bensinstasjon som var kjøpt av kommunen med tanke på riving for å få fleire sentrumsnære parkeringsplassar. Dette er ein del av sentrumsplanen som skal ut på høyring før sommaren. Ingenting er avgjort endå, seier ordførar i Balestrand, Einar Målsnes.

Sentrumsplanen inneheld ulike alternativ, eitt der bygningen får stå igjen og eit anna der den vert jamna med jorda. Ordføraren vil ikkje seie kva han sjølv vil stemme for.

— Dette blir ei demokratisk avgjerd som kommunestyret skal ta stilling til. Verken ordføraren eller andre kan avgjere saka åleine.

I partiprogrammet til Balestrand Høgre går det fram at dei vil støtte eit aktivt ungdoms- og kulturliv, samt hjelpe ungdommen med å realisere trivselsskapande tiltak.

- Er dette i tråd med programmet?

— Vi støtter prosjektet full ut, men har signalisert at det er mest fornuftig å rive bygningen framfor å byggje den opp. Det blir ei heilskapsvurdering, seier Målsnes.

Ope i sommar

— Vi brenner for Bensen og tykkjer dette har fungert fantastisk bra, men må akseptere at kommunen meiner parkeringsplassar er det beste for bygda, seier Lars Jonas Pedersen, ein av dei som driv Bensen bar på dugnadsbasis.

Til trass for dei dystre signala frå kommunen, vil eldsjelene halde ope også i sommar.

— Vi har lyst å gjennomføre det med stil. Det fortener alle dei som har jobba dugnad for dette, seier Pedersen.

Kva er viktigast: pub eller parkeringsplass? Sei meininga di.

LARS JONAS PEDERSEN
Lars Jonas Pedersen