KJERSTI MJØR

Apparatet som heng over skuldra til overlegen ser ut som ein overdimensjonert mobiltelefon. Med display, tastatur og skulderreim, slik vi hugsar dei første, bærbare mobiltelefonane. Den dinglande gjenstanden veg berre tre kilo, men har banebrytande potensiale.

Ved Haukeland universitetssykehus har bærbart ultralydutstyr vore i bruk i snart to år. Det betyr at pasientane kan oppleve å bli skanna i dét dei kjem inn døra på mottaket, istadenfor å vente i dagevis og ofte endå lenger i køen til røntgenavdelinga.

— Med bærbar ultralyd kan vi gi pasienten diagnose langt tidlegare. Utstyret er lett, billeg, mobilt og raskt å kople opp, seier Odd Helge Gilja til Bergens Tidende, som er overlege, dr. med. og førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen.

Diagnose straks

Gilja har som den første i Norge utført ei pilotstudie av bærbart ustyr for ultralydscanning ved Haukeland sykehus, og er klar i sine konklusjonar:

— Dette er ei betydeleg teknisk nyvinning, som om nokre år kan få store konsekvensar for korleis vi driv medisin i praksis.

Kontrasten mellom den svære, tradisjonelle ultralydmaskina - «Rolls Royce'n», som Gilja kallar den - og den vesle «skulderveska» er stor. Det gamle apparatet veg fleire hundre kilo, er stasjonært og kostar inntil seks gonger så mykje som den bærbare til 300.000 kroner.

— Med det nye utstyret er vi i gang med å skanne pasientane i løpet av ti sekund, mens det gamle bruker to minutt berre på å varme opp, forklarar Gilja.

— Bildekvaliteten er god nok til å gjere nyttige vurderingar og avklaringar første gong vi møter ein pasient, og ofte kan vi stille diagnosen med éin gong.

Ultralyd på gata

Teknologien er utvikla ved University of Washington i Seattle, opprinneleg for militært bruk i felten. Haukeland universitetssykehus, som også er tildelt funksjonen som Nasjonalt kompetansesenter i ultralyd innan fordøyelsessjukdomar, er eit av svært få sjukehus i Norge som har tilgang til dette utstyret.

— Det fins neppe nokon annan institusjon i verda som har så høg forskingsaktivitet og klinisk aktivitet som Haukeland innan ultralyddiagnostikk av fordøyelsessjukdomar, hevdar Gilja.

Han er sikker på at bruksområdet for bærbar ultralyd blir utvida i framtida. For eksempel på helsestasjonen og kontoret til allmennlegen. Utstyret kjem til å bli stadig mindre, lettare og billegare.

— Det siste, nye er PDA med ultralyd, små pc'ar på størrelse med ein almanakk du kan ha på innerlomma. Med tida kjem PDA truleg til å erstatte stetoskopet, seier Gilja til BT.

— Snart kan vi ta ultralyd på gata.