— Greitt nok. Ingen et fiskelever frå Sørfjorden likevel, seier den lokale forskaren Amund Måge til Bergens Tidende.

Han er likevel meir einig med Statens Næringsmiddeltilsyn (SNT) denne gongen enn då folk vart frårådd å eta fisk fanga innanfor Måge meir enn ein gong i veka, og gravide vart frårådd å eta Sørfjord-torsk i det heile. Forbodet var basert på kvikksølvverdiar som er tillate i drikkevatn i andre land. Måge meinte at lange og brosme var meir utsett enn torsk, sei og makrell.

Åtvaring tilrådeleg

Når det no er påvist høge verdiar av PCB, meiner Måge det er tilrådeleg å halda seg unna fiskelever.

Marie Louise Wiborg i SNT opplyser til Bergens Tidende at dei ikkje har målingar frå lever, men baserer kosthaldsrådet sitt på alarmerande prøver frå blåskjel. Når blåskjel er så sterkt forgifta, tilseier all PCB-kunnskap at fiskelever i same området ikkje bør etast. Det er betre med ei åtvaring for mykje enn ei for lite.

Hol på gamle synder?

For eitt år sidan fortalde Norsk Institutt for Vannforskning (NIVA) at dei var komne eit steg vidare i jakta på mogelege PCB-kjelder i Sørfjorden. Framleis er kjelda ikkje funnen, men ureininga er mangedobla det siste året.

— Dette kan tyda på at det har gått hol på eit eller anna som inneheld PCB, seier Amund Måge til Bergens Tidende.

Dei mest aktuelle kjeldene er gamle transformatorar, oljefat med PCB-haldig olje, eller spann med maling eller fugemasse. Oddingane si gamle bossdunge på Lindenes ligg innanfor det «mistenkte» området.

Må finnast

Måge vonar at det no kan bli tatt tette målingar som lokaliserer kjelda nøyaktig, og identifiserer kva type PCB det dreier seg om - olje eller malingsprodukt. Det kan gjera leitearbeidet lettare.

Statens Forureiningstilsyn SFT har no gitt Fylkesmanenn i Hordaland oppgåva med å koordinera det vidare leitearbeidet.

— Enten har vi fått ei ny ureiningskjelde sidan i fjor, eller så har lekkasjen auka kraftig. Difor er det viktig at vi raskt får lokalisert og stogga lekkasjen, seier Signe Nåmdal i SFT til Bergens Tidende.