Det var i fjor haust at elevane klaga den aktuelle læraren inn for rektor, melder NRK Sogn og Fjordane. Saka skal ha vore så spesiell at ho vart sendt vidare til opplæringsavdelinga i fylkeskommunen. Læraren misser ikkje jobben på grunn av banninga til elevane, men har fått tilbod om anna arbeid ved skulen. Læraren er no sjukmeld, og det er usikkert om han kjem tilbake til skulestart i august.