— Det er ikkje triveleg å kjenne at du er heilt mørbanka når du kjem heim frå vakt, seier Landro etter skrekkvakta ved Fjell og Sund lensmannskontor natt til laurdag.

Den anstrengande arbeidsøkta tok til med at han og kollegaen stoppa ein bil på Ågotnes på Sotra. Føraren var ein straffedømt kjenning av politiet, og dei to betjentane var ikkje budde på spesielle vanskar.

- Slo utan forvarsel

— Alt gjekk roleg og pent for seg, heilt til vi fann sprøyteutstyr i bilen. Han hadde sprøytespissane i neven, og eg prøvde å ta dei frå han. Då vart han plutseleg heilt krakilsk, seier Landro.

— Utan forvarsel slo han meg med knytta neve midt i andletet så eg gjekk i bakken. Deretter slo han kollegaen min to gonger så han byrja å blø frå nasen.

Etter ei voldsomt basketak greidde dei to betjentane å overmanne 29-åringen og få på han hand- og fotjern.

— Drapstruslane hagla. Han nekta å gje seg. Eg vart mørbanka både i leggar og anklar, seier Landro.

13 politifolk i aksjon

Ikkje før hadde kollegaen fått tørka av seg blodet, før dei fekk melding frå Askøy om slagsmål utanfor Loftet Pub på Florvåg.

— Vi kom med sirener og blålys, men dei to slåsskjempane nekta å gje seg. Då vi prøvde å pågripe dei, fekk vi beskjed om at dei ville drepe oss. Det var ikkje tamt i heile tatt, seier Landro.

Situasjonen vart ikkje betre av at fleire andre fulle ungdommar begynte å blande seg borti. Dei to betjentane såg seg nøydde til å tilkalle forsterkingar. Med assistanse frå fire patruljebilar frå Bergen og ein frå Askøy lykkast det til slutt politiet å få kontroll. 13 tenestemenn var i aksjon, og fire personar vart pågripne.

- Slå knallhardt ned på

— Skulle vi tatt alle som prøvde å hindre oss i å gjere jobben vår, ville det vorte fullt i arresten. Det samla seg 40-50 personar, og ekstremt mange nekta å følgje ordre frå oss. Det er ikkje hyggeleg når folk ikkje respekterer at vi har ein jobb å gjere, seier Landro. I basketaket med arrestantane utanfor puben fekk han ein smell i kneet.

— Då eg kom heim var eg ør i hovudet, hadde vondt i beina og smerter i kneet. Eg skal til legen med det på måndag, seier Landro. Han må attende til tida si i Oslo-politiet først på 90-talet for å hugse maken til ubehageleg vakt.

— Det verste var bilføraren som slo utan forvarsel og truslane. Den slags vil vi slå knallhardt ned på i framtida, det skal ingen tvile på, seier Landro.

Alle satt fri dagen etter

Både den 29 år gamle bilføraren og dei fire arrestantane frå Askøy vart sleppte fri etter ei natt i arresten. To av ungdommane frå Askøy slapp unna med forelegg, medan dei to som starta bråket utanfor puben og bilføraren på Sotra kan vente seg eit oppgjer i rettssalen.

— Valdsbruk og drapstruslar mot tenestemenn ser vi svært alvorleg på. Det vil vi ikkje vite noko av, seier politiadjutant Børje Lihaug Hoff i Hordaland politidistrikt. Bilisten er også mistenkt for å ha vore påverka av narkotika.