Noverande bygning skal moderniserast innvending, men ikkje endrast utvendig, bortsett frå at hovudingangen skal flyttast til austveggen i hjørnet mot Vangskyrkja.

Ioana Christensen og Sverre Olsen i arkitektfirmaet LOF Arkitekter i Oslo vann tevlinga om arkitektoniske løysingar. Dei har satsa på eit tilbygg med mykje glas. Eit glastak skal gje overlys til sentrale område i huset. Til no er det ikkje sett prislapp på prosjektet, men banksjef Kjell Jostein Bø vedgår overfor Hordaland at 50 millionar kroner blir i minste laget.