Svangerskapsforgifting rammar fire prosent av alle førstegongsfødande. Sjukdommen er i utgangspunktet livstrugande både for mor og barn, men nøye medisinsk kontroll gjennom svangerskapet og bruk av keisarsnitt gjer at legane har fått kontroll med sjukdommen.

Men årsaka til svangerskapsforgifting har alltid vore ei gåte. Tidlegare undersøkingar har vist at andre— og tredjegongsfødande kvinner blir oftare ramma dersom dei har bytta partnar etter at dei fekk sitt første barn. Dette har fått legane til å tru på ein immunologisk samanheng, ved at kvinner som held seg til ein og same partnar har mindre risiko for å få sjukdommen.

Tek vekk ein byggjekloss

Denne teorien har forskarar ved Universitetet i Bergen no tatt knekken på, gjennom ei undersøking som blir presentert onsdag i verdas mest prestisjetunge medisinske tidsskrift, The New England Journal of Medicine.

Forskartrioen Rolv Skjærven og Rolv T. Lie i Bergen og Allen J. Wilcox i USA har undersøkt fødslane til meir enn 750.000 norske kvinner mellom 1967 og 1998, og påviser at partnarbytte ikkje har noko som helst å bety.

Dei har funne at årsaka til at kvinner som har bytta partnar oftare blir ramma, er at det hos desse går lengre tid før eit nytt svangerskap. Dess fleire år mellom kvart barn, dess høgare risiko – uansett om barna har same far eller ikkje.

— Dette tek vekk den kanskje viktigaste byggjeklossen som teoriane om svangerskapsforgifting har bygd på. No må forskarane tenkje nytt, seier professor Rolv Skjærven.

Tredje publiseringa

Den kanskje viktigaste årsaka til at norske forskarar kan liggje fremst i verda på dette feltet, er Medisinsk Fødselsregister i Bergen.

— Vi har betre data enn nokon andre, fordi Noreg var veldig tidleg ute då det sentrale fødselsregisteret vart oppretta for 35 år sidan, seier Skjærven.

Publiseringa i The New England Journal of Medicine er den tredje forskartrioen har i dette tidsskriftet - noko som er eineståande i norsk samanheng.