Riri Klingenberg Green har med stor varsemd hengt opp kunsten sin på fem vegger i kunstgalleriet. Her går det i porselen. Pluss litt gips, gummi og ståltråd.

Dei fleste arbeida er heimebrent, fortel Green, men til dei større ornamenta har ho fått hjelp hjå industrien. Som bandspagetti buktar dei seg på veggen.

Nytt frå denne kunstnaren er grafikk på innramma porselensplater.

– Eg synest det er spanande å gå i nye retningar. Både i grafiske prosessar og i arbeidet med porselenet og glasurar dukkar det opp mykje uventa som forundrar og inspirerer meg, seier ho.

Trykkplatene har ho laga med sukkerakvatint på koparplater, etsa over lang tid. Trykkfargane har kobolt, krom og vanadium, som reagerer ulikt på glasurane. På denne måten har ho laga fleire, svært ulike bilete av same trykkplata.

Utstillinga vert opna fredag kveld.

ULIKE UTTRYKK: Porselen er eit mangslunge materiale, fortel Riri Klingenberg Green. Dei tre bileta til høgre er laga av same trykkplate.Foto: Arne Hofseth
BANDSPAGETTI: Riri Klingenberg Green let leikande, buktande band av porselen dekorera vegger i Galleri Voss.Foto: Arne Hofseth