Ingen personar kom til skade i ulukka, som skjedde i halv sekstida då det svenske Axels Tivoli var på veg nordover til Bergen.

Trafikken til og frå ferjekaien på Sandvikvåg var stengt i om lag to timar etter ulukka. Trafikken blei stengt også eit par timar på føremiddagen i samband med at den havarerte tilhengjaren blei fjerna av Falken.

I første svingen etter Jektevik låg tivoliutstyr strødd i hundre meters lengde, bamsar, nøkkelringar og andre gevinistartiklar. Rett ovanfor Børtveit kraftstasjon låg tilhengjaren velta og eit bamsetog hamna på nedsida av vegen.

TIVOLIKRASJ: Eit bamsetog og mange lykkehjulvinstar låg strødde langs E 39 på Stord mandag morgon etter at eit svenske tivolivogn velta. FOTO: OVE OLDERKJÆR