– Eg vakna av at hunden gøydde så kraftig, fortel Øyvind Lødemel til avisa Fjordingen. Bestemora, som bur i same huset, såg noko ute på marka. Mor til Øyvind, Solfrid, gjekk ut for å sjå.

Det ho fann var ein stor ballongklase med teksten «Flørteuke Torghjørnet». Til ballongane var det hekta gåvekort. Etter å ha taua ballongane i hus og hatt oppteljing, viste det seg at ballongvasen inneheldt gåvekort frå 21 ulike forretningar. Totalverdien var 18.500 kroner.

Forklaringa er at butikksenteret sist veke hadde noko dei kalla flørteuke. Laurdag blei et difor sendt opp ein god del ballongar med gåvekort. Totalverdien av gåvekorta var 50.000 kroner. Meir enn kvar tredje ballong vasa seg altså saman og tok luftvegen over fjella.

– Det er nesten utruleg, seier Margrete Lund, dagleg leiar for ein av butikkane som var med på flørten.

No planlegg familien i Hornindal tur til Hamar for å bruke på gåvekorta før dei går ut. Og butikkane på Torghjørnet lovar å ta vel mot nordfjordingane.