Det er i høyringsfråsegna til den nye gravferdslova at eit samla sokneråd går inn for å stenge muslimar ute frå kommunens ordinære gravplassar, melder Sogn Avis.

Vil ha eigne gravplassar — I samband med at den største minoritetsgruppa som kan ynskja tilpassingar i høve gravferd er muslimar, meiner Balestrand sokneråd at det kan vera ein tanke at det i størst mogeleg grad vert anlagt eigne regionale muslimske gravplassar, skriv soknerådet i brevet til kyrkjeministeren.

Dei hevdar mellom anna at den muslimske tradisjonen med at gravene skal venda mot Mekka, vil gjera det vanskeleg å gravleggja dei på gravplassane i Balestrand.

Problem med orienteringa - Ønskje om gravlegging i ein annan retning enn dei andre gravene kan lett føra til ein lite effektiv bruk at gravplassarealet dersom slike graver vert lagt innimellom graver med anna orientering, skriv soknerådet.

Soknerådet meiner at framlegget til ny gravferdslov er prega av ei tenking som nedvurderer vår kristne terminologi og arv i møte med andre tankesystem. Rådet kallar det ei nedvurdering av den kristne kulturarven.

– Det verkar som om departementet meiner at bruk av mest mogeleg "nøytrale omgrep" vil skapa ro om saka. Dette er Balestrand sokneråd ueinig i. I møte med andre religionar, er det viktig at majoriteten i samfunnet også har aksepterte referansepunkt og rådet vurderer det ikkje som sjølvsagt at vi treng forlate vår eigen arv i møte med det nye, skriv soknerådet.

Kva meiner du om soknerådet? Kom med synspunkta dine her.