Dette er mellom tiltaka som politikarane i Balestrand må velje mellom. Sognekommunen som i oktober måtte ta opp kassakreditt for å greie å betale løn til dei tilsette, må spare inn over seks millionar kroner neste år.

— Ein del tilbod, som for eksempel skulestrukturen, har det vore sterk politisk vilje til å oppretthalde. Men med dei kutta vi står framfor no, er det vel eit spørsmål om viljen blir så viktig, kommenterer ordførar Åse Kari Einevoll.

63 innsparingstiltak

Administrasjonen i Balestrand har laga ei liste med ikkje mindre enn 63 innsparingstiltak som politikarane blir inviterte til å velje mellom. Totalt kan kommunen på denne måten spare kring 7,2 millionar kroner på neste års budsjett. Når innsparingane er gjennomført vil dei på heilårsbasis redusere kostnadene til kommunen med over 10 millionar.

Ein del av tiltaka rådmannen meiner politikarane må sjå på, vil få dramatiske konsekvensar. Eigendelar innan pleie og omsorg blir auka, og tenester som før har vore gratis må brukarane no betale for. Alt reinhald kan bli privatisert.

Store stillingskutt

Men skal Balestrand få orden i ein skrapa kommuneøkonomi, er det først og fremst tilsette som må fjernast.

— 80 prosent av neste års budsjett er løn. Det seier seg sjølv at det er der vi kan finne pengane, seier ordføraren.

Rådmannen meiner politikarane må diskutere å seie opp nærings- og kulturkonsulent og ta vekk leiarstillingane for helsetunet og heimetenestene. I tillegg kan det bli aktuelt å fjerne kring sju stillingar innan pleie- og omsorgstenesta.

— Vi legg oss ned på eit nivå som ligg akkurat på det vi er lovpålagt.

Men også andre sektorar enn pleie og omsorg får smake medisinen som må til, om kommunen neste år skal få eit budsjett i balanse. På den 63 punkt lange lista over moglege innsparingar står tiltak som å redusere timetalet i skulen, og ikkje gje elevar undervisning når lærarar er sjuke for kortare tid.

Minimalt kommunestyre

Heller ikkje politikarane sjølve unngår sparekniven. Rådmannen meiner kommunestyret kan reduserast frå dagens 17 medlemer til 11. I så fall vil Balestrand få eit av dei minste kommunestyre i landet.

Endringar i skulestrukturen er mellom dei minst aktuelle innsparingstiltaka. I dag har Balestrand tre skular, sentralskulen i kommunesenteret og grendaskulane Nessane og Fjordtun.

— Dersom vi skal leggje ned skular, er det grendaskulane vi kan sjå på. Men så langt har det vore veldig sterk motstand mot dette, kommenterer ordførar Einevoll. Ho planlegg å sende Balestrand-budsjettet ut på høyring til innbyggjarane, etter at formannskapet har hatt sin første gjennomgang neste veke.

I 2001 hadde Balestrand eit underskot på 5,7 millionar kroner. I år kan det bli over åtte. Den økonomiske situasjonen er så akutt at kommunen ikkje lenger maktar å gjere opp for seg på vanleg måte.