– Sånn umiddelbart synest eg dette er til å leve med, seier landbruksdirektør Ole Bakkebø i ein e-post.

– Men i høve til BT sine oppslag i sommar, synest eg at kritikken er rimeleg avgrensa og sakleg. Men eg synest ikkje det er hyggjeleg i det heile tatt at dei finn grunn til å peike på manglar ved prosjektet mitt i det heile tatt, seier han vidare.

Fylkesmannen kritiserer landbruksdirektøren for at han i sin posisjon burde vite betre enn å gå i gang med fasadeendringar utan skriftleg godkjenning. Til dette svarar han:

– Det er openbert at eg kunne gjort denne jobben i ein betre rekkefølgje, men fasaden er no i samsvar med kommunen sine vurderingar. Eg vil elles ikkje kommentere denne delen av brevet frå fylkesmannen anna enn at eg ikkje jobbar med strandsoneproblematikk og strandsonejuss. Det er eit tema for dei få.

Over telefonen utdjupar Bakkebø:

– Eg kan jo ikkje sitje der og kjenne til alle mine kollegaer sine saksområde innan miljø, justis, skule og helse. Strandsonejussen er så vanskeleg tilgjengeleg, det er ei øving for dei få.

Har ikkje du i din stilling eit spesielt ansvar for å finne ut av det?

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal svare på det.

Fylkesmannen meiner at terrenginngrepa er ulovlege. Kva er din kommentar til det?

– Eg føreheld meg til kommunen sitt vedtak i saka. Eg har beklaga at sprengingsarbeidet ikkje var heilt i samsvar med teikningane og at teke på meg ansvar for det. Likevel synest eg at dette er ei marginal endring i høve til sprengingstiltaket som heilskap, og der ligg føre eit kommunalt vedtak.

Trur du at folk vil ha tillit til deg som landbruksdirektør etter dette?

– Det vil eg ikkje kommentere.

Vil du vurdere stillinga di etter denne saka?

– Det er mine overordna som skal vurdere stillingsforholdet mitt.

Bakkebø seier han no er open for at kommunen skal vurdere delar av saka på nytt.

I sine svar til Bergens Tidende, har Ole Bakkebø svart dels pr. e-post og dels på telefon.