ARNE HOFSETH

Astrid Sudman fortalde sin eigen versjon av juleevangeliet og andre soger. Born og vaksne spela og song. Kåre Opheim, Jørgen Sandvik, Øystein Skjelaaen og Mari Voll Tesdal fekk hjelp av publikum i kulturhuset Fraktgodsen.

Vossa Jazz vart ved påsketider i 2004 skipa til for 31. gong. Voss har med andre ord halde det gåande med årleg jazzfestival i 30 år. Alt etter den andre festivalen måtte det dugnad til for å dekka inn underskotet. Dermed oppstod Jola Jazz, ein slags minifestival i romjula som kunne gje pengar i kassen.

Badna Jazz vart no i 2004 skipa til for sjette gong. Barneframsyningane under jazzfestivalen er vidareført under eigen logo og i eigen organisasjon, ein slags festival i festivalen, under leiing av Trude Storheim. Ho vart på siste årsmøtet valt til styreleiar for heile organisasjonen Vossa Jazz.

— Vi har fått svært gode tilbakemeldingar på Badna Jazz-tilskipingane, og mange foreldre har etterlyst ei tilskiping for ungane i romjula, seier Trude Storheim til Bergens Tidende.

Tilskipinga har fått namnet Badnajolajzz. I motsetnad til andre namn i Vossa Jazz-samanheng skal dette skrivast i eitt ord.

— Formålet med Badnajolajazz er ikkje ein parallell til Jola Jazz, som inntektskjelde for å dekka opp tidlegare underskot. Vi er glade om Badnajolajazz går nokolunde i balanse økonomisk, seier Trude Storheim.

Som vestlandsk regionleiar for Redd Barna sytte ho også for innsamling til flaumkatastrofen i Asia, og kunne gå i banken med over 9000 kroner frå jazztilskipinga.

BADNAJOLAJAZZ. Badna Jazz, underavdeling av Vossa Jazz, har også fått sin Jola Jazz. Astrid Sudmann fortalde sin versjon av juleevangeliet i Fraktgodsen der det også var flust med musikk og julesongar.<br/>Foto: ARNE HOFSETH