Bergensaren Lars Ove Risa (56) er styreformann i Skogbu Eiendom som kjøpte anlegget ved Røyksundkanalen på Moster i 1997. I år har han hatt rettstvistar med begge leigetakarane sine, asylmottaket Bergen Innkvartering og restaurant— og underhaldningsselskapet Røyksundkanalen AS.

Tvist om husleiga er årsak til at Risa ønskte først asylmottaket bort frå Skogbu, og no Røyksundkanalen AS. Bergen Innkvartering vann ankesaka mot Skogbu Eiendom om retten til å bli på staden i tråd med leigekontrakten.

- Insolvens

— Røyksundkanalen AS skuldar oss 539.315 kroner i leige for i år. Vi meiner det dessutan er grunnlag for insolvens ettersom selskapet ikkje greier å dekkja løpande utgifter, sa Skogbu Eiendom sin prosessfullmektig Geo Wilson i Sunnhordland skifterett i går.

— Det er vel så mange misleghald frå utleigar si side. Vi meiner å skulda 201.000 kroner i leige, og har i tillegg straum- og fellesutgifter til gode hos utleigar. Vi har folk som kan garantera for pengane, kvitterte styreleiar Frode Urangsæter i Røyksundkanalen AS.

Munnhoggeri

— Eg konstaterer at konfliktnivået er høgt, men at det summa summarum er liten avstand i kronebeløp mellom partane, om lag 50.000 kroner, at det er tvist om terminforfall og at det finst garantistar, sa dommarfullmektig Sigvald Arne Mortveit før han trekte seg tilbake frå munnhoggeriet mellom partane i skifteretten.

Urangsæter og Røyksundkanalen-aksjonær Franc Ole Olsen hadde med seg Anne Tove Svendsen frå Karmøy & Haugaland Storkjøkken som økonomisk hjelpar og garantist i skifteretten. Ho la opp til eit skarpt åtak på Lars Ove Risa sine forretningsmetodar, men blei klubba ned av dommaren.

Det blei gjort forsøk på forlik under og etter rettsmøtet i går, men utan hell. I april i år var det forlik i saka, også då etter tvist om husleigebetalinga, som er minimum 750.000 kroner i året.

Erstatning for manglar

I det sivile søksmålet Røyksundkanalen AS reiste mot Skogbu Eiendom i Sunnhordland tingrett i haust, har saksøkjar berre fått delvis medhald i kravet om erstatning for manglar og utbetringar ved utleigeobjektet.

Skogbu Eiendom AS må betala knapt 270.000 kroner til Røyksundkanalen AS som erstatning for ekstraordinære utgifter til reinhald, rydding og reparasjonar etter lekkasje. Røyksundkanalen AS gjorde leigeavtale med Skogbu Eiendom 1. august 2000. Restauranten har skjenkjeløyve på dispensasjon av di det ikkje er overnattingstilbod i verksemda.

<b>I SKIFTERETTEN:</b> I dag tek skifteretten stilling til om restaurant- og badelandselskapet ved Røyksundkanalen på Bømlo blir slege konkurs. <p/>ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ