Påtalemakta har anka frifinninga av ei kvinne (37) etter drapet på Sigmund Gravdal i Kvinnherad.

Både 37-åringen og ei 48 år gammal venninne var tiltala for å ha drepe 65-åringen i fjor sommar. Dei to kvinnene var skulda for å ha sparka eller slått Gravdal fleire gonger, med blant anna «øks og hammer i hodet, ansikt, bryst, buk og rygg».

Medan den 48 år gamle venninna vart dømt til 13 års fengsel for drapet, vart 37-åringen frikjend av Sunnhordland tingrett tidlegare denne månaden.«Etter rettens skjønn er det ikke ført tilstrekkelig bevis for at (37-åringen) har slått avdøde eller på annen måte påført ham vold», skreiv tingrettsdommer Frank Schmidt.

Påtalemakta er ikkje samde i den konklusjonen, og har anka frifinninga. Det stadfestar forsvararen til 37-åringen, John Christian Elden. «Vi kan bare ta det til etterretning og noterer at at de ikke har kommet med noen nye bevis etter frifinnelsen», skriv Elden i ein SMS til Bergens Tidende første juledag.

Også den dømte ankar

Også 48-åringen som vart dømt til 13 års fengsel har anka, både for lovbruken og for straffeutmålinga.

«Tingretten la til grunn at hun befant seg i en nødvergesituasjon, men at hun gikk for langt i gjengjeldelseshandlingen. Vi vil ha dette spørsmålet vurdert på nytt», skriv kvinnas forsvarar Odd Arild Helland i ein epost til Bergens Tidende.

Han vil også ha ei ny vurdering av straffeutmålinga. Forsvararen meiner tingretten ikkje tok nok omsyn til at klienten hans har erkjent det som hende, noko han meiner burde vege tyngre i formildande retning. Det same gjeld naudvergesituasjonen og Gravdals påståtte tilnærmingar før drapet.

Ba om 13 år for begge

Statsadvokat Trond Høvik ba om 13 år i fengsel for begge kvinnene då rettssaka vart avslutta i november.

48-åringen vedgjekk i retten at ho hadde stått bak valden som drap Gravdal, men hevda at ho gjorde det i sjølvforsvar. Ho forklarte at 65-åringen gjekk til åtak fyrst, etter at ho hadde avvist seksuelle tilnærmingar frå Gravdal.

— Så kom han mot meg, han skubba meg. Det er svart for meg, men vi enda opp i gangen. Der holdt han meg fast med eine armen, og slo meg i hovudet med det eg har bilete av er ein hammar,sa kvinna då ho forklarte seg i Sunnhordland tingrett. Ho vart ikkje trudd av retten.

48-åringen vart i tingretten frikjent for eit hytteinnbrot like ved drapsstaden. Denne frikjenninga har statsadvokaten nå anka.

Nekta straffskuld

Den 37 år gamle venninna nekta i retten for å ha vore delaktig i valden som til slutt tok livet av Gravdal.

— Eg har ingen bilete av at eg har sett vald. Eller hørt skriking. Eg har ikkje fått med meg at dei har krangla. Eg kan nesten ikkje hugse at eg var med dei, anna enn heilt i byrjinga. Det høyres rart ut, men eg kan ikkje hugse å ha veksla eit ord med Sigmund, sa ho i retten.